Vest hundesportsenter

- eit unikt hundetilbud åpner i Os

I eit tidlegare lagerbygg i Industrivegen på Os opnar eit unikt tilbod til deg med hund. Her kan du og din firbeinte bestevenn trene innandørs på fulldempa kunstgrasunderlag og med topp moderne utstyr.

Vest Hundesportsenter opnar dørene 1. oktober, og kunstgraset med 15mm dempematter er allereie lagt i det 850 kvadratmeter store lokalet. Topp moderne agilityutstyr frå Bing Agility er henta i Sverige, og på styrkerommet står ei fargerik samling treningsutstyr klare til bruk.

Det er Kate Vidme som er dagleg leiar for hundesportsenteret, og no gler ho seg til opningsdagen. Med seg på laget har ho venninna Elisabeth Vange, som har meir enn 20 års erfaring innan trening av hund, og skal vere kursinstruktør og hjelpe til med drifta.

Dagleg leiar Kate Vidme

Dagleg leiar Kate Vidme

Fleire kurs er allereie lagt inn i kalenderen, og enda fleire vil komme etter kvart. I tillegg til kursverksamheit, satsar dei på medlemskap som gir fri tilgang til hundesenteret.
- Med eit medlemskap hos oss vil du få tilgang til hallen og alt utstyret der frå 06 til 23 alle dagar, med nokre få unntak når vi heldt stevne eller utstilling. Med ein så stor hall som dette vil det som oftast vere mogleg å trene sjølv om vi nyttar hallen til kurs samstundes, fortel Kate.

Ho viser til dei flotte fasilitetane som ikkje berre inneheldt ein stor innandørs treningshall, men og kurslokale, kjøkken og garderobar med dusj og toalett. Til saman 1200 kvadratmeter er tilpassa rein hundeglede her på Os.Og det er nettopp dei gode fasilitetane Kate er mest nøgd med.
- Vi har lagt ned Juta play comfort agility kunstgras med 15 mm enkaflex dempematte. Vi har også investert i ei maskin som skal reinse og vedlikehalde kunstgraset slik at det heldt seg så godt og reint som teknisk mogleg. Og så har vi stabil temperatur her heile året sidan dette er eit betongbygg, forklarar ho.

Denne veka har Kate vore heile vegen til Sverige og henta topp moderne agilityutstyr produsert i Ungarn.
- Her kjem agilityutstyr, utstyr til rallylydigheit, lydigheit, søk og styrketrening, for å nemne noko, smilar ho.

No gler dei begge seg til å skape eit miljø der folk kjem både for å trene hund, men også for å treffast og vere sosiale i lag.
- Dette skal verte ein samlingsplass uansett kva du driv med. Her skal du få lyst til å gå og trene med hunden din. Vi skal og lage ei medlemsgruppe på nettsida vår der medlemmane sjølv kan arrangere treff, avtale trening,  passeringstrening og liknande. Vi har satsa på å laga noko unikt, og trur vi har fått til noko som ingen andre har.

Ingen av dei bur i Bjørnafjorden, men valde likevel å etablere seg her av fleire grunnar.
- Huseigaren har vore veldig grei, og Bjørnafjorden kommune godkjente planane våre i rekordfart. Og så vonar vi at Bjørnafjordingane tek oss godt imot, smiler Kate.

Og med den nye Osvegen berre eit steinkast unna, ser ho for seg at også Bergensarar vil finne gleda i å komme til Os for å trene hund.
- Vi er og i dialog med samarbeidspartnarar og aktørar som vil leige plass her eller ha reklame på veggen vår, forklarar Kate.

Den første som har pryda veggen er gatekunstnaren Mr. Adolfito. Han har æra for både logoen og dei flotte hundane på veggen inne i hallen.
- Og så har han måla ein krigar som skal beskytte alle hundane som er her. Den er vi veldig stolt over, smiler Kate.

Og med ein slik lykkebringar på veggen, må jo dette verte suksess.

Fredag 1. oktober vert det storstilt opning i
Industrivegen 75, og du er invitert!

Meld deg på her!

Vest Hundesportsenter er Vestlandets største hundesportsenter, og har tilbod om kurs og trening av hund. Eit medlemskap gir tilgang til treningshallen alle dagar 06-23. Utstyr til trening innan agility, rally, lydigheit, søk, m.m.

Vest Hundesportsenter
Industrivegen 75, OS
Tlf 400 40 607
Epost: post@vesthund.no