Frå historie til framtid
![](./assets/UtDA0nrNrc/ann-elin3-4096x6144.jpg)
Mykje har skjedd sidan starten i 1974, då foreldra til Ann-Elin Lepsøe Berge - Jan og Annie Lepsøe grunnla stålindustri på eigedomen. Gjennom åra har ho vorte ein naturleg del av utviklinga.
– Eg er så å seia fødd og oppvaksen her, seier ho med eit smil.
I dag er det lite som minner om dei tidlegare dagane. Ann-Elin ser stolt tilbake på reisa som har ført til det moderne bygget som no utgjer Ulvenparken.
– Vi har bokstaveleg tala bygd opp bygget stein for stein. Det er ekstra gledeleg å kunna seia at vi no er miljøfyrtårnsertifiserte og har eit bygg som kjem mange til gode, understrekar ho.
Ulvenparken, som starta under namnet Lepsøe Industribygg, var opphavleg eit lite anlegg på 200 kvadratmeter. Med åra har det utvikla seg til å bli eit storstilt næringsbygg, som i dag utgjer fleire tusen kvadratmeter med rom for både drift og utvikling.
Ann-Elin håper historia deira kan inspirera andre som eig eldre industribygg til å sjå moglegheitene i staden for avgrensingane.
– Målet har alltid vore å vera ei bedrift som ligg i forkant, seier ho med overtyding.
![](./assets/vDzYS5Ydd8/2y8a0258-4096x2731.jpg)
![](./assets/la6QshGXKN/2y8a0304-4096x2731.jpg)
Ein grøn visjon for framtida
For å bringa bygget inn i ei berekraftig framtid, har dei gjennomført omfattande oppgraderingar. Alt lys er erstatta med energieffektive LED-lys, og bevegelsessensorar er monterte der det er hensiktsmessig.
Vegger og tak er etterisolerte, og på taket er det installert eit stort solcelleanlegg.
I tillegg er det gamle el-varmebatteriet i ventilasjonsanlegget bytt ut med ei moderne varmepumpe, noko som gir meir energieffektiv oppvarming i kontorfellesskapet.
Dette gjer ikkje berre bygget sjølvforsynt med straum, men dei kan også selja overskotsstraumen vidare. Så langt i år har anlegget produsert heile 92.000 kilowatt timer.
– Vi er spente på kva 2025 vil bringa, og vi kryssar fingrane for betre vêr, smiler Ann-Elin.
Med sitt moderne uttrykk og sine innovative løysingar, står Ulvenparken som eit symbol på korleis ein kan kombinera fortidas arv med framtidas moglegheiter.
Takksemd og framtidsvisjon
Ann-Elin har mykje å vera stolt av når det gjeld bedrifta, men det ho set høgast, er gleda over å føra familiebedrifta vidare. No har også dottera hennar blitt ein del av drifta, og til og med barnebarnet på berre fire månader er allereie godt kjent i gangane.
For å markera alle oppgraderingane som er gjort, fann dei det på sin plass å samla fleire av leigetakarane til ein hyggjeleg lunsj.
På bordet stod det påsmurde bagettar frå Lunsjekspressen, deilig marsipankake, kaffi, te og Twist. Stemninga var god, praten gjekk lett, og dei frammøtte fekk høve til å bli betre kjende med kvarandre.
Under samlinga tok Ann-Elin seg tid til å takka leigetakarane for tilliten og samarbeidet. Ho delte også sine tankar om alt som er gjort for å modernisera bygget, og korleis ho ser for seg ei spennande og berekraftig framtid for Ulvenparken.
Positive effektar
Ulvenparken er i dag heim for fleire ulike næringsbedrifter, kvar med sine eigne behov. Det som likevel er felles for alle, er at dei trivst og drar stor nytte av dei tiltaka som er gjort i oppgraderinga av bygget.
For Os Biljard & Snooker-klubb har oppgraderingane ført til ei merkbar betring av inneklimaet, i tillegg til at dei har fått mykje meir plass å boltra seg på.
– Vi set stor pris på oppgraderingane som er gjennomførte, seier Jan Helge Korts.
Tidlegare kunne temperaturane om sommaren bli uuthaldeleg høge, medan det på vinterstid vart svært kaldt. Dette er ikkje lenger eit problem. Noko som er spesielt bra for borda som alle har ull-duk og er avhengige av eit stabilt inneklima og riktig luftfuktigheit.
– Klubben har blitt som ein fristad for mange av oss. Her senker vi skuldrene, og timane flyg av garde med både spel og prat, fortel Jan Helge, medan han skildrar det gode miljøet i klubben.
Fleire fordelar med å velja Ulvenparken
Ein av dei store fordelane med å ha base i Ulvenparken, er den sentrale plasseringa, i tillegg til dei gode parkeringsforholda. Dette var avgjerande for Kaizen Consult då dei leita etter nye kontorlokale.
– Eg vart raskt overtydd om at dette var den rette staden for oss, seier Elin Husby entusiastisk.
– Her har vi frisk luft og moderne, trivelege og romslege lokale med mykje lys. Vi får både kontor og flotte kursrom, og ikkje minst er plasseringa svært sentral.
Elin er dagleg leiar i Kaizen Consult, som mellom anna rådgjer bedrifter som ønsker å bli sertifisert Miljøfyrtårn. Ho veit godt kor mykje arbeid, innsats og investering som krevst for å oppnå slike mål.
– Eg synest dei har gjort ein kjempeinnsats, og det er verkeleg beundringsverdig korleis Ann Elin har satsa på Ulvenparken, skryter ho.
![](./assets/4JF6fmSzDR/2y8a0339-4096x2731.jpg)
Opnar dørene for nye leigetakarar
Med sentral plassering like ved E39 og den nye Skogafjellstunnelen, gode parkeringsforhold, store, lyse og moderne lokale – og framleis plass til fleire – inviterer Ann Elin nye, potensielle leigetakarar til Ulvenparken.
– Her i første etasje har vi eit område på 2000 kvadratmeter som er heilt klart for dei som har behov for råareal og ønsker å setja sitt preg på det, fortel ho.
– Vi ynskjer også på sikt å kunna generera arbeidsplassar for fleire, legg ho til.
Med fleksible løysingar og eit attraktivt næringsmiljø, ser Ann-Elin fram til å ønska nye bedrifter velkomne til parken.