Skal du pussa opp badet?
Rørleggeriet Os Bademiljø kan hjelpa deg med eit perfekt resultat.

Med ein innhaldsrik butikk i Os Næringspark kan røyrleggjarbedrifta Rørleggeriet Os hjelpa deg med nær sagt alt du treng hjelp til innan røyrarbeid. Renovering av bad er spesialiteten, og her hjelper dei deg med alt du ynskjer frå start til endes.

Rørleggeriet ordnar alt
I den 350 kvadrat store butikken finn du alt du treng til å realisere draumebadet. Med fleire utstillingar er du garantert inspirasjon til ditt draumebad, og treng du meir hjelp så får du det av Rørleggeriets baderomsdesignarar.
– Her hos oss får du totalpakka ved at du kan velje alt på ein stad, her har me fliser, innreiing og utstillingar som kan gje deg inspirasjon. Og me har røyrleggjarar og handverkarar som gjer jobben for deg, fortel butikksjef og baderomsdesignar Marianne Jansen Rikstad.
Gratis befaring
Om du ynskjer nytt bad, men ikkje heilt veit kor du skal byrje, er eit besøk til Rørleggeriet ein god start.
– Vi kjem på gratis befaring og gjer alle oppmålingar som trengs. Deretter teiknar vi baderomsløysinga for deg i 3D-format som du får sjå før du bestemmer deg. Samstundes vil vi gå gjennom alt av utstyr og innreiing med deg her i butikken, fortel Marianne.
Kai Paulsberg er dagleg leiar i Rørleggeriet. Det er også han som står for all prosjektleiing når eit bad skal byggjast.
– For kunden er det greitt å vite at det er ein som styrer og har overkontrollen. Du kan gje oppdraget til oss, og så er det vi som går inn og styrer prosjektet utan at du treng å tenkje på noko meir før alt er ferdig. Og skulle det skje noko i ettertid, er det tilbake til oss du kjem for å få hjelp. Du treng berre ein avtalepartnar, og det er oss, fortel han.
Dette gjer Rørleggeriet unik i samanlikning med andre, der du sjølv lyt finne baderomsinnreiing ein stad, fliser ein annan stad og handverkarar ein tredje. Hos Rørleggeriet Os står dei for heile jobben, og med eigne samarbeidspartnarar kan dei og tilby 10 års tettleiksgaranti.

Røyrservice og varmepumpe
Treng du hjelp med røyr eller baderomsutstyr utan at du skal pussa opp heile badet, kan Rørleggeriet sine røyrleggjarar hjelpe deg med dette og.
– Her er me 11 ansatte der fleire er røyrleggjar, og me har stort røyrutval og eige varelager. Det gjer at vi kan utføra dei fleste serviceoppdrag på røyr raskt og enkelt, fortel Kai.
Utanom bad og røyr, forhandlar Rørleggeriet Os Bademiljø og varmepumper, og driv med både installasjon og service. Ei varmepumpe gir lågare straumkostnader, samtidig som ho er miljøvennleg og gir jamnare temperatur i bustaden.
Skap ditt draumebad
Tek du turen innom Rørleggeriet Os Bademiljø, får du hjelp til alt innan røyr, varmepumpe og til å skape det draumebadet du alltid har ynskt deg.
– For oss er det viktig at du får eit bad som du likar, og ikkje eit som alle vil like om du ein gong skal selje huset. Det er du som skal trivast på ditt bad, smilar Marianne.





Vil du ha hjelp til bad eller varmepumpe?
Velkommen innom for en hyggelig samtale!

Opningstider
Mandag – onsdag & fredag: 09.00 – 17.00
Torsdag: 09.00 – 19.00
Lørdag: 10.00 – 15.00
Adresse: Holtbrekka 7, 5200 Os
Telefon: 56 30 09 37
E-post: marianne@roer-os.no