PrivatMegleren Vikøyr & Brandt:

Til topps i Bjørnafjorden

Då Arild Vikøyr ringde Herman Brandt ein tidleg sommardag for tolv år sidan, vurderte Brandt å legge meklaryrket på hylla og stod omtrent med oppsigelsen i lomma. I dag driv dei regionens største meklarhus saman.


Etter ein lang periode i meklaryrket, følte Brandt at han hadde hamna på feil hylle. Filosofien til meklarmiljøet den gong stemte ikkje overeins med korleis han ynskja å praktisera yrket.

Vegen for ei ny karriere hadde han allereie staka ut.

Same haust venta sjukepleiarstudiet. Målet var vidareutdanning innan diabetes, helst retta mot born.

Så kom telefonen som endra alt.

- Arild og eg hadde arbeidd litt saman tidlegare, og snakka saman ved fleire høve. Me hadde ein god tone. Då telefonen kom den dagen, stod eg med oppsigelsen i lomma, fortel Brandt ærleg.

- Du gjekk frå plan om oppsigelse og sjukepleiarstudie, til å starta ditt eige meklarkontor. Dei må ha trudd du var galen, smiler Arild Vikøyr. Sjølv har han fleire års erfaring frå ambulansetenesta og Røde Kors, og er eit kjend ansikt for mange.

Valet skulle visa seg å vera lurt. PrivatMegleren Vikøyr & Brandt opna dørene i 2007. Sidan har duoen bygd opp bedrifta stein for stein, med eit stort og godt apparat i ryggen. At dei driv ei franchisebedrift, trur dei at gir ein ekstra fordel i form av motivasjon til å gjera det best mogleg.

Frå å vera ein utfordrar på marknaden, er dei blitt det største og mest komplette meklarhuset i Bjørnafjorden.

- Me trur nærleiken til kunden har alt å seia. Me har lokalt forankra meklarar med god kjennskap til lokalmiljø og folka som bur her. Den totalkunnskapen me kan gi kundane våre, trur eg er med på å skapa tillit. Det set me stor pris på, seier Vikøyr.


Arild Vikøyr, eigedomsmeklar MNEF / dagleg leiar.

Espen Hjertholm, eigedomsmeklarfullmektig / partner.

Heidi Fugleberg, eigedomsmeklarfullmektig.

Vidar Haugland Hjertaas, eigedomsmeklarfullmektig.

Filosofien som skapar verdigrunnlaget er og leiestjerne og rettesnor for PrivatMegleren Vikøyr & Brandt, kan trygt seiast å vera nokså utypisk for bransjen. Meklaryrket har tradisjonelt sett hatt mykje intern konkurranse. Det ville duoen vekk ifrå.

- Me jobbar saman som eit team og delegerer gjerne salsobjekta mellom oss. Me prøver å gjera kvarandre betre, fortel Vikøyr.

Dei fire eigedomsmeklarane har eit team av dyktige kollegaer i ryggen. Teamet består av fotograf, boligstylist, kontorleiar, fagansvarleg og arkitekt.

- På den måten er me i stand til å tilby full pakke. Me er, og skal fortsetja å vera, det største meklarhuset i Bjørnafjorden.


I det kunden inngår eit samarbeid med PrivatMegleren, vert meklar, interiørstylist og fotograf kopla inn.

- Dei er gode støttespelarar for kvarandre i salsprosessen. Me var tidleg ute med å få ein interiørstylist i staben, og førebels er det berre me som leverer dette på fast basis. Det valet har me teke for å kunne levere eit betre, fast produkt til kundane våre, seier Brandt.

- Me skal skapa ei stemning samstundes som me gir potensielle kjøparar eit ærleg bilete av salsobjektet. Me tek oss god tid på kvart objekt, og fotografen er lokalt forankra. Han kjenner nærmiljøet vårt, og veit om ting som solforhold. Det er enkelt for han å stikka innom for å få dei optimale bileta om forholda ikkje er perfekte første gong han er der. Bileta me nyttar i salsoppgåvene skal vera outstanding, utdjupar Brandt.


Kvar dag klokka 12 er det felles lunsj for alle dei ni tilsette i meklarhuset. Samhaldet mellom dei er godt, og dei skildrar seg gjerne som ein stor familie.

- I ein hektisk kvardag med ulike timeplanar og mykje arbeid ute i felten, forsøker me å samlast rundt lunsjbordet kvar dag. Då prøver me å la jobben ligga, og pratar heller om kva ein gjorde i helga, kva planar ein har om ettermiddagen, politikk eller andre daglegdagse ting.

Vikøyr ser på Brandt og smiler: - Men det er ikkje alltid like enkelt.

portrettfoto av arild vikøyr

Arild Vikøyr, eigedomsmeklar MNEF / dagleg leiar.

Arild Vikøyr, eigedomsmeklar MNEF / dagleg leiar.

portrettfoto av espen hjertholm

Espen Hjertholm, eigedomsmeklarfullmektig / partner.

Espen Hjertholm, eigedomsmeklarfullmektig / partner.

portrettfoto av heidi fugleberg

Heidi Fugleberg, eigedomsmeklarfullmektig.

Heidi Fugleberg, eigedomsmeklarfullmektig.

portrettfoto av vidar haugland hjertaas

Vidar Haugland Hjertaas, eigedomsmeklarfullmektig.

Vidar Haugland Hjertaas, eigedomsmeklarfullmektig.

gruppefoto av privatmegleren vikøyr & brandt

PrivatMegleren Vikøyr & Brandt. F.v.: Arild Vikøyr (dagleg leiar), Line Storum (kontoransvarleg), Vidar Haugland Hjertaas (eigedomsmeklarfullmektig), Heidi Fugleberg (eigedomsmeklarfullmektig), Espen Hjertholm (eigedomsmeklarfullmektig), Jan Tore Finnema (arkitekt MNAL), Anne Matre (stylist), Jan Magne Eidsvik (fagansvarleg/advokat), Herman Brandt (partner) og Espen Wilhelmsen (fotograf). Fotomontasje: PrivatMegleren Vikøyr & Brandt.

PrivatMegleren Vikøyr & Brandt. F.v.: Arild Vikøyr (dagleg leiar), Line Storum (kontoransvarleg), Vidar Haugland Hjertaas (eigedomsmeklarfullmektig), Heidi Fugleberg (eigedomsmeklarfullmektig), Espen Hjertholm (eigedomsmeklarfullmektig), Jan Tore Finnema (arkitekt MNAL), Anne Matre (stylist), Jan Magne Eidsvik (fagansvarleg/advokat), Herman Brandt (partner) og Espen Wilhelmsen (fotograf). Fotomontasje: PrivatMegleren Vikøyr & Brandt.

Hamnevegen 59
5200 Os

Tlf: 56 30 32 30
v&b@privatmegleren.no

www.privatmegleren.no/vikoyrbrandt

privatmegleren vikøyr og brandt logo