Svart belte i eigedomsmekling

Ein hektisk kvardag og ei lysande karriere - Heidi Fugleberg (24) hentar ny energi i naturen.

Portrettbilde av Heidi Fugleberg

HEIDI FUGLEBERG


Favorittmåltid: Det italienske kjøkken er ein klar favoritt hos meg, med steinovnsbakt pizza på toppen.

Draumereisemål: Der må eg nok seia Italia. Vakker natur, mykje historie, fascinerande arkitektur og fantastisk mat. Ein destinasjon som er høgt oppe på lista.

Favorittstad i Bjørnafjorden: Den må eg dela i to. Favoritten på Os må vera området rundt Kuvågen og Moberg. På Fusa er det enkelt og greitt Fusa.

Beste eigenskap: Eg bryr meg veldig mykje om korleis folk rundt meg har det, både heime og på arbeid.

Beskriv deg sjølv som meklar: Eg er veldig "på". Tilgjengeleg, engasjert og pliktoppfyllande. Kort sagt ein kundane mine kan stola på.

Eit spesielt minne: Det første bustadsalet mitt, ein tomannsbustad på Fusa. Det markerte starten på yrkeslivet mitt, og det var stort å ha gjennomført prosessen frå synfaring til sluttsal.


Os sentrum ligg bada i sol denne måndagsmorgonen i oktober. Sentrumsgatene er pynta med BH-ar, samfunnet syner solidaritet gjennom Rosa Sløyfe-aksjonen.

Utenfor kontorlokala til PrivatMegleren Vikøyr & Brandt nede på kaien, ligg sjøen spegelblank. Inne på det intime møterommet set Heidi Fugleberg (24) seg ned i ein av møteromsstolane. Snurrar lett på han og rettar på den kvite blusen.

Blikket er målretta og bestemt, smilet varmt.

Bak seg har ho ei travel helg med fleire visningar. For litt under eit døgn sidan selde ho ein eigedom på 300 mål til langt over prisantyding. I dét bodrunden vart avslutta, heiv ho seg i bilen for ei ny visning ein annan stad i regionen.

- Kvar gong det er bodrunde får eg adrenalinkick, innrømmer ho.

Det var arkitekt ho skulle bli. Heidi har alltid vore interessert i hus, og kan gjerne køyre nye stader for å sjå på nabolaga.

Der andre ser hus, ser Heidi på begbygginga rundt. Tenkjer på kva type folk som bur i husa.

- Etter kvart fann eg ut at det var eigedomsmekling eg burde satsa på, seier ho.

Etter tre år på Os gymnas, flytta ho til Sogndal for å studera eigedomsmekling.

- Kanskje litt utradisjonelt, etter som dei fleste eigedomsmeklarane tek utdanninga si på BI, men eg hadde høyrd så mykje bra om Sogndal, fortel ho.

Studiet levde opp til forventningane, og i studieperioden hadde ho sommarjobb hos PrivatMegleren Vikøyr & Brandt. Då ho var ferdig utdanna i 2017, valde ho å flytte heim.

- Eg er svært familiekjær, noko som er ein av hovudgrunnane til at eg ville heim. Eg bestemte meg for å søka fast jobb hos meklarhuset eg hadde hatt sommarjobb hos. Det var eg heldig og fekk.


Frå ho var sju til ho var sytten år, trena ho karate. Som 13-åring tok ho svart belte i kampsporten, og når ho ser tilbake på det i vaksen alder, er ho unekteleg stolt av eigne prestasjonar.

Høgaste rangering allereie i sjuande klasse gir god grunn til å vera stolt.

- Fusa er ein liten plass. Det var anten fotball eller karate. Då valde eg det siste, smiler ho.

Heidi Fugleberg
Jenter på tur på Fusafjellet

Slik trivst Heidi aller best. Her på Fusafjellet saman med venninner. Foto: Privat.

Slik trivst Heidi aller best. Her på Fusafjellet saman med venninner. Foto: Privat.

På søndagstur i Strandvik. Foto: Privat.

I ein alder av 24 år har Heidi allereie rokke å få eit par år med erfaring frå meklarbransjen.

- Eg har alltid likt å jobba med menneske. Sånn sett passar meklaryrket meg godt. Som eigedomsmeklar får du mykje tillit, det set eg stor pris på. Eit bustadsal kan ha store konsekvensar for privatøkonomien, både for seljar og kjøpar. I botn og grunn er det eit salsyrke, men det er menneske me jobbar med kvar dag, understrekar ho.

Kvardagen som eigedomsmeklar er unekteleg hektisk.

Sjølv skildrar ho det som ein livsstil meir enn ein jobb, og her kan me koma tilbake til den nemnde bodrunden med den 300 mål store eigedomen. Inkludert var både jaktløyve, båtplass, naust og ein eldre fritidseigedom. Mange moglegheiter og ei sjeldan perle.

Rundt 30 interessentar hadde skrive seg på lista, og bodkrigen stod mellom tre stykker.

- Seljar var sjølv i eit område med tidvis dårleg dekning, så det var litt utfordrande. Det første bodet kom laurdag føremiddag, og bodrunden vart avslutta rundt tjuefire timar etter. Det kokte ein periode. Heldigvis hadde eg ikkje andre planar den helga, smiler ho.

Eigedomen gjekk langt over prisantyding.

På toppen av Fusafjellet. Foto: Privat.

Det er slik Heidi likar det. Når det kokar rundt henne, og ho får legga gode salsstrategiar for objekta sine. Sjølv om ho ofte må jobba laurdag og søndag, meiner Heidi utan tvil at det er verdt det.

Ho kjenner godt regionen, folka som bur her.

Sjølv koplar ho av og hentar ny energi i naturen. Spesielt godt likar ho seg på Bogafjellet og Fusafjellet, men skal ho trekkje fram eit bestemt turmål, må det verta Heleknappen.

- Det hender eg tek med meg treningsklede i bilen og går på tur rett etter visning. Turane er god avkopling i ein hektisk kvardag.


Som eigedomsmeklar ser Heidi mange hus i løpet av ei veke. Nybygg, einebustadar, restaureringsobjekt, tomter, fritidseigedomar. I løpet av karriera har Heidi sett det meste, men kva er eigentleg draumehuset til ein eigedomsmeklar?

- Draumehuset mitt må ha sjøutsikt og helst ligga ved sjøen. Gode vindusflater må det vera, for å sleppa lys og uterom inn. Eg har alltid likt funkishus veldig godt, men no heller eg meir mot hus som bærer med seg ei historie. Dessutan vil eg ha både hage og garasje, røper ho.

I framtida håpar ho å kunne kombinera familieliv med eigedomsmeklinga, for det er inga tvil om at ho trivst i yrket.

- Eg har høyrd det går an å kombinere familieliv med yrket nemleg, om ein berre legg timeplane til rette, smiler ho og utdjupar: - For den tilliten ein får ved å forvalta eit bustadsal. Den tilliten der, som seljar gir deg... den har eg stor respekt for.

Heidi Fugleberg på tur i Strandvik.

På søndagstur i Strandvik. Foto: Privat.

På søndagstur i Strandvik. Foto: Privat.

Heidi Fugleberg på toppen av Fusafjellet.

På toppen av Fusafjellet. Foto: Privat.

På toppen av Fusafjellet. Foto: Privat.

Privatmegleren vikøyr og brandt logo

PrivatMegleren Vikøyr & Brandt
Hamnevegen 59
5200 Os

Tlf. 56 30 32 30
v&b@privatmegleren.no

www.privatmegleren.no/vikoyrbrandt