Likar du å køyra bil og vera med kjekke folk?
Då har vi deltidsjobben for deg.
Os Taxi veks, og no treng vi fleire taxisjåførar som vil køyra med oss.
Om du er over 20 år og glad i å køyra bil og prata med folk? Då er det nett deg vi ser etter.
Ekstrajobb attmed studier
Når Andreas Flaterås Roald ikkje er opptatt med studiane, køyrer han taxi. Det har han gjort i eitt år no, og elskar jobben.
- No når vi har heimeskule, er denne jobben midt i blinken for meg. Det er en fleksibel jobb, som gir meg gode lommepengar ved sida av studielånet. Løna er utruleg bra til å vera ein deltidsjobb, og eg styrer sjølv kor mykje eg vil køyra. Det er kjempefint for meg som er student, seier Andreas.
Han skryt av det gode arbeidsmiljøet i Os Taxi, og er blitt vener med fleire av dei andre sjåførane også privat.
- Me er ein kompisgjeng som trivst i lag på fritida. Arbeidsmiljøet her er veldig positivt, smilar han ..
Sjåførar i alle aldrar
Også Vidar Øvrebø køyrer taxi. Han er i godt vaksen alderen.
- Arbeidet er 99 prosent positivt, og her er eit stort spenn frå unge studentar som Andreas på 21 år, til folk oppi 50-60 åra, seier han.
Sjølv køyrer han mest maxitaxi, og likar seg i dei større bilane.
- Har du bakgrunn som yrkesbilsjåfør, er det fint, for det gir deg erfaring med store bilar. Vi har jo både maxitaxi og minibussar blant bilane våre, så for folk med sertifikat på buss eller lastebil, er det flott å køyra ein slik bil.
Kjekke oppdrag
Både Andreas og Vidar synast køyreoppdraga er kjekke. I helgene går det mest i å køyra folk til byen på kvelden, og heim att på natta. I vekene er det mykje pasienttransport til og frå sjukehusa i Bergen, eller det kan vera skuleelevar på tur i minibussen
- Det er ein gøy jobb, dette, smiler Andreas.
Han er ein utadvent som person, og likar å treffa folk eller høyra på musikk i bilen.
- Det er fint å vera utadvent i denne jobben, men ingen føresetnad, seier han.
Andreas anbefaler alle å ta en jobb som taxisjåfør. Anten attåt studie som han sjølv, eller om du er pensjonist eller permittert frå din vanlege jobb, kan du køyra drosje. Hjå Os Taxi har dei eit kjekt og inkluderande arbeidsmiljø han varmt kan tilrå.
Damer vert også oppmoda til å søke
Totalt har Os Taxi 15 bilar og tre minibussar fordelt på rundt 50 sjåførar. Dei fleste er menn, men det er òg ein del damer blant sjåførane.
Ei av desse er Lene Marie Hauge på 30 år. Ho køyrer varetaxi i dag, og elskar den kjekke jobben.
- Det er veldig positivt å jobba her, sjølv om det er ein mannsdominert bransje. Det er mykje hjelp å få, ler ho.
Lene anbefaler damer å søke, og trur dei fleste vil verta positivt overraska over kor kjekt det kan vera å køyra drosjebil.
Tek vare på deg
Er du nysgjerrig på om taxisjåfør er noko for deg?
- Då må du gjerne ringja oss, senda oss ein epost eller koma innom oss på stasjonen, oppmodar Øyvind Hellebø.
Han har køyrt taxi i 18 år, og stortrivst i jobben.
Einaste kravet for å søkja er at du har førarkort klasse B og har hatt sertifikatet i meir enn to år samanhengande. Du bør og lika å køyra bil og vera sosial ilag med andre.
Kan du svara ja på dette, då har Os Taxi draumejobben klar.
- Kom innom oss for ein kopp kaffi og ein prat, så vert med einige om vegen vidare, smilar Øyvind.
Hos Os Taxi kan du være trygg på at dei tek vare på deg gjennom heile prosessen frå den første kaffikoppen til du står klar med køyresetelen i handa.
Velkomen skal du vera, til oss i Os Taxi.