"Til å begynne med var vi litt engstelege for å komme heim. Men eg fekk så voldsomt god hjelp heime."

Gaute Dyrdal (73)

Gaute Dyrdal (73) måtte lære seg å gå igjen etter alvorleg sjukdom. Ved hjelp av heimetrenarar frå Kvardagsrehabiliteringsteamet – i god kombinasjon med imponerande pågangsmot og stå-på-vilje – trente han seg tilbake til kvardagen.


Sjå filmen om Gaute Dyrdal

Gaute Dyrdal (73) blei brått alvorleg sjuk, og låg lenge på sjukehus. Då han blei utskriven, var han framleis sengeliggande, og han og kona var bekymra for korleis det skulle gå å bu heime.

- Til å begynne med var vi litt engstelege for å komme heim, fordi kona mi hadde så vondt i ryggen. Ho var redd for at ho verkeleg måtte trå til her heime. Men eg fekk så voldsomt god hjelp heime.

Korleis ser du for deg kvardagen din når du blir eldre? Eller dersom du skulle bli skadd eller sjuk?

Er du anten frisk og rask eller bur du på sjukeheimen? Eller noko midt i mellom?

Det er jo ikkje nødvendigvis slik at vi anten er 100 prosent friske og raske eller 100 prosent pleietrengande når vi blir eldre eller etter sjukdom og skade. Og det er eit langt steg mellom å greie seg heilt på eiga hand og å ha langtidsplass på sjukeheimen.

Ei heil trapp av ulike tilbod og tenester, faktisk.


Dei fleste av oss ønskjer å bu heime lengst mogleg

Vi ønskjer å vere sosiale, aktive og ha regien i eige liv. Så lenge vi føler oss trygge, er det naturleg at dei fleste av oss vil vere i vande og kjende omgjevnader.

Det er fullt mogleg å bu heime heile livet, og få den hjelpa du treng der, framfor å bu fast på institusjon.

Vi i kommunen vil du skal vite at det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at du kan bu heime og ha ein meiningsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar.

Med rett og smart tilrettelegging av heimen din, kan du fint halde fram å leve eit sjølvstendig liv.

Illustrasjon av Omsorgstrappo i Bjørnafjorden

Det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at du kan bu heime og ha ein meiningsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar. Klikk på Omsorgstrappo for å sjå tenestene og tilboda på kvart trappetrinn.

Det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at du kan bu heime og ha ein meiningsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar. Klikk på Omsorgstrappo for å sjå tenestene og tilboda på kvart trappetrinn.

Sjå for deg ei trapp med fem trinn:

Kvart trinn representerer omfanget av behov for hjelp og kva tilbod du kan få i kommunen. Vi kallar det ei omsorgstrapp.

  • På det nedste trinnet finn du enkle, førebyggande og helsefremjande tiltak for deg som klarar deg godt sjølv, som fysioterapi og tilrettelegging av eigen bustad med hjelp frå ergoterapeut, tryggleikssjukepleiar og velferdsteknologi.
  • På det andre trinnet finn du tenester som gjer at du lettare kan klare deg sjølv. Dette kan vere å få middagen levert på døra, tryggleiksalarm eller heimehjelp nokre gonger i månaden.
  • På det tredje trappetrinnet er tenester for deg som ønskjer å leve mest mogleg sjølvstendig, samstundes som du får hjelp frå til dømes heimesjukepleia, demensarbeidslaget eller oppfølging frå psykiske helsetenester.
  • På det fjerde trappetrinnet finn du korttidsopphald på sjukeheimen, til dømes rehabilitering etter skade eller sjukdom, vurdering, avlastande eller rullerande opphald.
  • Det øvste trinnet i trappa er tenester for for den som treng hjelp til det meste, og som bur fast på institusjon eller i omsorgsbustad.

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som har mista funksjon som følgje av sjukdom eller skade. Målet er at du skal øve deg opp til å greie dei daglege gjeremåla igjen, slik at du kan bu heime og leve eit godt og aktivt liv så lenge som mogleg.

Eit tverrfagleg team av heimetrenarar kjem heim til deg i ein periode på fire veker og trenar på det som er viktig for deg å meistre i din kvardag. Dette kan til dømes vere påkleding, matlaging, å gå opp trappa, å lufte hunden eller noko heilt anna.

Til å begynne med var desse damene frå kommunen her ute kvar dag. På nyåret var det ein som var ute og skulle lære meg å gå. Då gjekk vi bort til huset her og så tilbake igjen. Det var liksom det første. Så vidare ned til postkassane og tilbake igjen, og det var mange gonger. Før vi klarte å gå ein tre - firehundre meter utover her til naboen. Det tok lang tid.

- Gaute Dyrdal (73)

Samarbeid med pårørande til det beste for brukarane

Kommunen har plikt til å levere tenester til innbyggarar som treng dei. Det betyr ikkje at vi som jobbar i kommunen greier dette heilt på eiga hand.

Vi er heilt avhengige av eit tett og godt samarbeid med deg som er son eller dotter, eller på anna vis har ein nær relasjon til mottakarar av pleie- og omsorgstenester i kommunen.

Vi vil alle det beste for brukarane.