"Eg vil gjere det eg klarar. Førebels greier eg det meste sjølv."

Birgit Sæbø (85)

Sjå filmen om Birgit

Birgit bur i eiga leilegheit og synest livet er godt.

Ho lagar mat og gjer husarbeid sjølv, samstundes som ho får hjelp av heimetenestene.

Birgit klarer det meste sjølv, samstundes som ho er trygg på at ho kan få meir hjelp dersom ho ein dag skulle trenge det.

Det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at du kan bu heime og ha ein meiningsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar. Klikk på Omsorgstrappo for å sjå tenestene og tilboda på kvart trappetrinn.

Det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at du kan bu heime og ha ein meiningsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar. Klikk på Omsorgstrappo for å sjå tenestene og tilboda på kvart trappetrinn.

Korleis ser du for deg kvardagen din når du blir eldre?

Er du anten frisk og rask eller bur du på sjukeheimen? Eller noko midt i mellom?

Det er jo ikkje nødvendigvis slik at vi anten er 100 prosent friske og raske eller 100 prosent pleietrengande når vi blir eldre. Og det er eit langt steg mellom å greie seg heilt på eiga hand og å ha langtidsplass på sjukeheimen.

Ei heil trapp av ulike tilbod og tenester, faktisk.

Det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at du kan bu heime og ha ein meiningsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar. Klikk på Omsorgstrappo for å sjå tenestene og tilboda på kvart trappetrinn.

Dei fleste av oss ønskjer å bu heime lengst mogleg

Vi ønskjer å vere sosiale, aktive og ha regien i eige liv. Så lenge vi føler oss trygge, er det naturleg at dei fleste av oss vil vere i vande og kjende omgjevnader.

Det er fullt mogleg å bu heime heile livet, og få den hjelpa du treng der, framfor å bu fast på institusjon.

Vi i kommunen vil du skal vite at det er mange tilbod og moglegheiter som gjer at du kan bu heime og ha ein meininsfylt kvardag, trass i både høg alder og helsemessige utfordringar.

Med rett og smart tilrettelegging av heimen din kan du fint halde fram å leve eit sjølvstendig liv.


Sjå for deg ei trapp med fem trinn

Kvart trinn representerer omfanget av behov for hjelp og kva tilbod du kan få i kommunen. Vi kallar det ei omsorgstrapp.

  • På det nedste trinnet finn du enkle, førebyggande og helsefremjande tiltak for deg som klarar deg godt sjølv, som fysioterapi og tilrettelegging av eigen bustad med hjelp frå ergoterapeut, tryggleikssjukepleiar og velferdsteknologi.
  • På det andre trinnet finn du tenester som gjer at du lettare kan klare deg sjølv. Dette kan vere å få middagen levert på døra, tryggleiksalarm eller heimehjelp nokre gonger i månaden.
  • På det tredje trappetrinnet er tenester for deg som ønskjer å leve mest mogleg sjølvstendig, samstundes som du får hjelp frå til dømes heimesjukepleia, demensarbeidslaget eller oppfølging frå psykiske helsetenester.
  • På det fjerde trappetrinnet finn du korttidsopphald på sjukeheimen, til dømes rehabilitering etter skade eller sjukdom, vurdering, avlastande eller rullerande opphald.
  • Det øvste trinnet i trappa er tenester for for den som treng hjelp til det meste, og som bur fast på institusjon eller i omsorgsbustad.

Kartleggingsteamet

Første gong du melder om at du har behov for pleie- og omsorgstenester frå kommunen, til dømes når du blir utskriven frå sjukehus eller annan behandlingsinstitusjon, kjem kartleggingsteamet på banen.

Du og kartleggingsteamet kartlegg, gjerne saman med dine pårørande, situasjonen og heimen din for å sjå kva hjelpebehov du har på kort og lang sikt - eventuelle tilpassingar og hjelpemiddel som kan vere nyttige for at du skal kunne vere mest mogleg sjølvhjelpen heime. Kanskje treng du berre ein toalettforhøgar eller ein strømpepåtrekkar for å klare deg sjølv?

"Eg vil gjere det eg klarar. Førebels greier eg det meste sjølv."

- Birgit Sæbø (85)

Samarbeid med pårørande til det beste for brukarane

Kommunen har plikt til å levere tenester til innbyggarane som treng dei. Det betyr ikkje at vi som jobbar i kommunen greier dette heilt på eiga hand.

Vi er heilt avhengige av eit tett og godt samarbeid med deg som er son eller dotter, eller på anna vis har ein nær relasjon til mottakarar av pleie- og omsorgstenester i kommunen.

Vi vil alle det beste for brukarane våre.