Norsk naturstein frå fusa er det beste valet

Har du tenkt på at stein kan vere importert heilt ifrå Kina? Vel du norsk stein frå ei bedrift med tradisjonsrike røter i Noreg, er du sikra både kvalitet og personleg service.

Noreg har lang tradisjon med steinbrot, og norsk stein har gjennom tidene blitt brukt i hus og hage, samt til skulpturar og gravminne over heile landet.

Historia om Sæthre Stenindustri starta då Harald Sæthre i 1920 tok fagbrev i steinfaget, og ville starte for seg sjølv. Den flottaste steinen fann han den gang på Møre, så dit drog han og valde seg ut ei steinblokk.

På Møre fann nyutdanna steinarbeidar Harald Sæthre flott stein. Her kjøpte han seg ei stor blokk, som vart sendt med skyssbåten tilbake til Bergen. Sjølv måtte han sykle heim, for han hadde ikkje råd til billett til både seg sjølv og steinen han hadde kjøpt.

Men etter kjøpet vart det smått med pengar att hos den unge gründaren. Steinen skulle sendast til Bergen med skyssbåt, men Harald hadde ikkje nok pengar til billetten for både seg sjølv og steinblokka. Dermed var det steinen som fekk reisa sjøvegen, medan Harald sjølv måtte sykla heim att.

Både Harald og steinen kom seg til Bergen, og slik vart det til at den kvalitetsorienterte bedrifta etablerte seg på Danmarksplass for 100 år sidan.


Seinare vart sonen Victor Sæthre (tv.) med i bedrifta.

I 1947 vart sonen Victor med i føretaket, og Sæthre Sten flytta til større lokale i Solheimsgaten. På 50-talet kjøpte Harald og Victor eit marmorbrot i Brønnøysund. Dette brotet gav stein i mange år, og fleire stader i Bergen kan du sjå monument av norsk marmor.

I dag vert marmor stort sett importert frå Verona i Italia, men for å framleis sikra seg at alt heldt øverste kvalitet, er Sæthre Sten alltid til stades når den finaste marmoren veljast ut.

Italiensk marmor nyttast stort sett til kjøkkenplater.

Noreg har mykje flott stein i god kvalitet å by på.


No er bornebornet Kenny Sæthre dagleg leiar. Og med hans son Filip i bedrifta, har fire generasjonar Sæthre sørga for at du får det beste naturstein har å by på. Den stolte familiebedrifta kan i år feire 100 års jubileum som kvalitetsleverandør innan kortreist stein frå Noreg.

Filip er stolt av bedrifta som oldefar starta.
– Sæthre Sten har fagarbeidere som kan gjere alt av jobb på fabrikken, fortel han.

– Mange driv kun med import, men vi kan og produsere tingene på fabrikken. Sjølv om vi og må importere noko stein for å kunne ha alle fargar og formar, så har vi ei erfaring på 100 år når vi plukkar ut stein til vår produksjon.

På Møre fann nyutdanna steinarbeidar Harald Sæthre flott stein. Her kjøpte han seg ei stor blokk, som vart sendt med skyssbåten tilbake til Bergen. Sjølv måtte han sykle heim, for han hadde ikkje råd til billett til både seg sjølv og steinen han hadde kjøpt.

På Møre fann nyutdanna steinarbeidar Harald Sæthre flott stein. Her kjøpte han seg ei stor blokk, som vart sendt med skyssbåten tilbake til Bergen. Sjølv måtte han sykle heim, for han hadde ikkje råd til billett til både seg sjølv og steinen han hadde kjøpt.

Seinare vart sonen Victor Sæthre (tv.) med i bedrifta.

Seinare vart sonen Victor Sæthre (tv.) med i bedrifta.

Noreg har mykje flott stein i god kvalitet å by på.

Noreg har mykje flott stein i god kvalitet å by på.

Sæthre Sten vart etablert i 1920 av Harald Sæthre. I dag er det bornebornet Kenny Sæthre (tv.) som er dagleg leiar. Med seg i bedrifta har han og sonen Filip Sæthre.

Sæthre Sten vart etablert i 1920 av Harald Sæthre. I dag er det bornebornet Kenny Sæthre (tv.) som er dagleg leiar. Med seg i bedrifta har han og sonen Filip Sæthre.

Sæthre Sten har eit av Skandinavias største utval i naturstein til hus og hage. Norsk skifer frå blant anna Alta, Oppdal og Otta er både naturleg, berekraftig og evigvarande.

- Steinen skal være av slik kvalitet at den kan haldast like godt i minst 50 år, fortel Filip.

Med norsk naturstein får du rom for å skape ditt eige uttrykk.

- Vi leverer naturstein til trappetrinn, mur, terrasser og inngangsparti, både som fliser og bruddheller, fortel Kenny.

Sæthre Sten kan og levere norsk takstein om du ynskjer eit tak som er både problemfritt og slitesterkt. Takskifer kan ligga i hundre år utan noko ekstra arbeid. Og når den tid kjem at ditt oldeborn skal skifta taket, er det kanskje 8. generasjon Sæthre som då gjev hjelp til takfornyinga.

Sæthre Sten forhandlar og gravstein. Den brytast frå lokale steinbrot her på Vestlandet.

- Vi har to brot i Fusa som nyttast berre til gravstein; Bogafjell i Strandvik og i Holmefjord, fortel Kenny. – Å kjøpe gravstein i skifer frå steinbrot i Fusa er både miljøvennleg og haldbart.

Utanom Fusa hentar Sæthre Sten skifer frå brot i Hardanger og på Nord-Vestlandet. Dei har også eit stort utval av polerte gravstein i alle variasjonar og prisklassar.

- Vel du stein frå eit lokalt steinbrot, får du ein unik stein som kan vere med å fortelje ei siste historie etter den du var så glad i, seier Filip.

I produksjonslokala i Indre Arna vert steinen foredla, og det vert laga til forankring i botn.

Deretter vert steinen teiknsett.

Til slutt vert gravsteinen frakta til gravstaden der den vert montert. Ein heilt unik Fusa-gravstein er resultatet.

Om du ynskjer ein lokalprodusert gravstein, får du personleg service i utstillingslokala på Danmarksplass, eller du kan besøke fabrikkutsalet i Indre Arna og velje deg ut den steinen du vil ha.

– Men mange ringer til oss, og sender bestilling frå gravsteinskatalogen, fortel Filip. – Det er og mogleg å designe ein stein på nettsida vår, og vi samarbeider med Os Gravferdsbyrå som kan hjelpa deg med val av stein og tekst til minnet.

Steinen vert først tatt ut frå steinbrotet i Fusa, den skal ha fint fargespel og vera av ypperste kvalitet for å verta valt.

Når du har valt ut den steinen du vil ha, vert han bearbeida i produksjonslokala i Indre Arna. Her vert steinen slipt, og det vert bora hol til fundament. Om du vil, kan du og få bedplate med. Til slutt vert teksten lagt på, enten med utanpålagte bronsebokstavar som boltast fast, eller innhugde bokstavar som vert sandblåst i steinen. Til slutt vert gravminnet transportert ut til gravplassen, der det vert montert.

Heile prosessen frå den første samtalen til endeleg montering, tek 3 til 6 veker. Gravminne leverast og monterast gratis over heile landet.

Steinen vert først tatt ut frå steinbrotet i Fusa, den skal ha fint fargespel og vera av ypperste kvalitet for å verta valt.

Steinen vert først tatt ut frå steinbrotet i Fusa, den skal ha fint fargespel og vera av ypperste kvalitet for å verta valt.

Hakke og spett i aksjon, kvalitet lyt takast handsamt vare på.

Framleis er det spekk og hakke som gjeld når steinen skal delast. Det meste av arbeidet skjer med handkraft.

Verktøyet dei brukte i gamle dagar, er like aktuelt framleis.

Sæthre Stenindustri ynskjer å gjere sitt beste for å yte god
service, og levere eit verdig gravminne av høg kvalitet.

- Me syklar ikkje lenger rundt med steinen slik som min oldefar gjorde, en framleis strekker me oss langt for å yte deg den servicen namnet Sæthre Sten står for, smiler Filip.

Om du treng naturstein av ypperste kvalitet og med personleg
hjelp og service på kjøpet, står Sæthre Sten klar til å yte deg bistand.

Steinbrotet i Strandvik har framleis mykje fin skiferstein å by på. Å velja ut den beste steinen sørger Sæthre Sten for sjølve.

Steinbrotet i Strandvik har framleis mykje fin skiferstein å by på. Å velja ut den beste steinen sørger Sæthre Sten for sjølve.

post@saethre-sten.no

Butikk og utstilling
Sæthre Stenindustri AS
Fjøsangerveien 57, 5054 Bergen
Tlf. 55 20 55 20

Åpningstider:
Man - fred: 08:00 - 16:30
Torsdag: 08:00 - 18:00
Lørdag: 10:00 - 14:00

Produksjon og fabrikkutsal:
Arnatveitvegen 91, 5262 Arnatveit
Tlf. 55 20 55 55
post@saethre-sten.no

Åpningstider:
Man - fred: 07:30 - 16:30
Torsdag: 07:30 - 18:00
Lørdag: 10:00 - 14:00