EI LØYSING FOR FRAMTIDA
SÅR DU NO

I år er det 10 år sidan dei starta på Øyro i Os.

Det er likevel ikkje sikkert at du veit kven dei er eller kva dei gjer på.

Men dei fem som arbeider her, kjenner på ei stoltheit over å høyre til nettopp her hjå Loops. Her har dei sin andre heim og sitt daglege virke.

Loops er eit designfirma, men også mykje meir enn det.
Dei er rådgjevaren som hjelper kunden med å finne sin eigen identitet. Og dei er produsenten som produserer løysingane. Medan dei kreative sjelene står for design og tenking, vert det praktiske ordna via digre maskiner som står på bakrommet og durar seg gjennom trykksaker og foliar.

Det er nemleg dette som er unikt med Loops; dei er ikkje berre design eller berre produksjon, dei er begge delar. Og det gjer jobben din enklare, fordi du treng berre å ha Loops ved handa, så tek dei hand om resten.

Loops er rådgjevaren alle føretak bør investere i, både før ein går i gang med ei nyoppstarta bedrift, men og når ein treng å omstrukturere og styrke eit allereie veletablert føretak.

Presis Vegdrift valde Loops, og teknisk ansvarleg Ove Sending fullrosar samarbeidet:

- Presis Vegdrift har brukt Loops frå dag ein i 2015. Dette gjer me fordi me er nøgde med samarbeidet, løysingar og pris. Loops fekk laga ein mal for dei ulike einingane. Dette gjer jobben min lett, og maskiner og utstyr vert profilerte over heile landet utan at eg treng å bekymre meg. Gjengen i Loops er veldig imøtekomande, positive og ikkje minst kreative. Eg føler me har eit godt samarbeid.

No skal selskapet utvide, og enda fleire køyretøy skal inkluderast med dei lett gjenkjennelege oransje vegstripene. Snart er det 300 køyretøy til saman.

Det er nesten så ein ikkje våger å tru at liten kan vere stor, når du står med hatten i neven og knekk i knea etter å ha starta opp ditt eige føretak. Men når siste bladet i prestekragen har landa på "skal", og du endeleg er i gang, er det viktig at du tør å investere i føretaket ditt.

Heilt frå du finn eit namn, lagar deg ein profil, produserer ei nettside, får firmalogoen på plass, skiltet på porten og folie på bilen, har Loops løysingar som gjer at du får fart på dine, og du vert meir synleg i marknaden du konkurrerer i.

Og ikkje minst, du får verdifull tid til å driva med det du skal driva med, som er å møta kundane dine.

For Fusa Kraftlag og Strøyma har Loops hatt ansvar for både nytt namn og grafisk identitet.

Tove Hjartnes Fosså er dagleg leiar i Fusa Kraftlag. Dei brukte Loops til å hjelpa seg med førebuing til nytt regelverk i kraftindustrien.

- Me hadde arbeidd ei stund med strategi for ny selskapsstruktur, men såg etter kvart at me hadde behov for ekstern hjelp til å kome vidare. Då tok me kontakt med Loops, som hjelpte oss med både nytt namn og nye løysingar.

Det nye namnet vart Strøyma.

Tove er nøgd med at dei valde Loops, og meiner samarbeidet har vore bra på fleire måtar.

- Me fann eit godt og unikt namn til den nye bedrifta, og me vart meir bevisste på å tenkje kva som skal til for at kunden skal kjenne oss att og hugsa oss når dei har behov for våre tenester. Det har også resultert i tettare samarbeid Loops på andre område. Å få målretta hjelp til korleis me skal formidle eit bodskap er effektiv bruk av ressursar.

Fjordfolk er ei nystarta gründerbedrift, og består av to eldsjeler; Marte Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt. Dei valde Loops frå starten i 2019, og fekk hjelp til å lage grafisk identitet og profil for føretaket.

- Ein logo er den vetle biten av ei heile. Tanken om korleis ein brukar identiteten sin i alt ein gjer er viktig, og Loops fekk oss til å tenke gjennom alt før vi skulle starte. Som engasjert gründer, er det lett å ville alt på ein gong. Då hjelpte Loops oss med å sile ut det som er naudsynt for å få fram eit forståeleg bodskap til kundane, seier Marte.

Med Loops i kulissane har Fjordfolk fått mykje skryt for synlegheita dei har skapt seg i Bjørnafjorden.

- Å hyre inn Loops var vel verdt investeringa, meiner Christoffer. Me hadde ikkje fått til det same utan dei, og Loops er ein vesentleg faktor for at me har lukkast.

Han er klar på at det er viktig å få proff hjelp utanfrå når eit føretak skal bygge identitet, og ikkje bruke eiga tid på dette arbeidet.

- Konsentrer deg heller om det du skal gjere, og bruk eit firma som Loops til å ta seg av resten. Eit føretak handlar mykje om andre si oppleving av deg, og dette klarar du umogleg å sjå godt nok innanfrå, er Christoffer si anbefaling.

No planlegg dei ein heilt ny festival i Bjørnafjorden; Folk & Fjord Festivalen. Her har og Loops stått for profileringa og Marte ser verdien av god hjelp.

- Folk & Fjord er ein viktig del av identiteten vår som Fjorfolk, og no når alt er på plass kan vi konsentrere oss om det vi likar best; nemleg å arrangere folks sosiale føretak.

Det er viktig med ei heilskapleg og jamn marknadsføring. Dette skapar synlegheit til føretaket ditt. Du har kanskje mykje på gang nett no, men vil du ha det slik om seks månadar? Eitt år? Tre år?

Dyktige bedriftseigarar overlet ikkje framtida til tilfeldigheita; dei plantar frø heile tida, slik at dei kan hauste seinare.

Hvis du ynskjer å så no, gjev Loops deg hjelpa du kanskje ikkje visste at du trengte, men som du vil vera takksam for at du fekk.

Loops har løysingane som får fart på dine.

www.loops.no
Tlf. 45 905 905