Klar for oppussing
i haust?
Har du eit prosjekt du skal i gang med denne hausten, kan Malermester Hjelle hjelpe deg med å få eit flott resultat.

Butikk og handverk
i unik kombinasjon
Malermester Alf Hjelle og Sønn AS vart etablert i 1980, og i 1989 kom butikken i Fjord’n Senter i Eikelandsosen.
Butikken er med i Fargerike kjeda, men er eid og driven av Hjelle. Her finn du alt du treng til oppussinga, og målar-meisterbedrifta stillar med handverkarar som gjer arbeidet.
– Å kunne få begge delar frå same bedrifta er ein unik kombinasjon.
Du kan komme i butikken og velje fargar, tapet og golv, og så kjem handverkarane våre heim til deg med varene og gjer jobben, seier Anders.
Hjelle sine handverkarar kan utføre alt av innvendig og utvendig målararbeid, tapetsering, montering av golv, solskjerming og anna du treng hjelp til.
– Me utfører arbeid i heile Bjørnafjorden kommune, samt omliggande kommunar som Bergen, Samnanger, Kvam og Tysnes. Bedrifta er også godkjent opplæringsbedrift for målar- og golvleggarfaget. Gjennom alle disse åra har vi utdanna mange til å få fagbrev, fortel Anders.
Blant dei mange oppdraga kan blant anna nemnast Fusa Kyrkje og fleire andre kyrkjer i Bjørnafjorden,
Os Ungdomsskule, Grieghallen og Haukeland Sjukehus.
Hjelle er også godkjent opplæringsbedrift for butikkfaget.
Stort utval
I butikken Fargerike Hjelle i Fjord'n Senter finn du eit av stort utval innan tapet, fargeprøvar til maling og golv i alle variantar. Dei har og eit breitt sortiment innan gardiner og Luxaflex solskjerming.
– Me har kunnskapen og overblikket over kva produkt som passer, og kan hjelpa deg med fargeval, val av golv, solskjerming og det du måtte ønske, seier Michele.
– Solskjerming og gardiner kan vi skreddarsy etter dine behov. Vi har det breiaste utvalet innan golv, alt frå parkett og laminat, til klikk- og korkvinyl, tepper og vinylbelegg. Vi låner ut store prøvar, slik at du kan sjå at golvet passar til resten av interiøret. Vil du ha eit måltilpassa salongteppe, så ordnar vi det også, fortel ho.
Tilbyr heimebesøk
Når draumeheimen skal skapast er omgjevnadane viktige å ta omsyn til. Dette er noko fleire har vorten merksemd på dei siste åra, og då kan eit heimebesøk av farge-konsulenten vere eit alternativ.
– Vi kan gjere heimebesøk og ta med prøvar på golv, tapet og fargar om du ynskjer det, fortel Michele.
I lag med fargekonsulenten kan du blant anna få gode tips om fargedesign i forhold til utsikt og solforhold du kanskje ikkje hadde tenkt på sjølv, hjelp til oppmåling og tips til solskjerming og gardinval.
Den heimen du drøymer om
Til slutt kan det vere du som står der og opnar døra til draumeheimen din, der alt av fargar harmoniserer med omgjevnadane og med deg og din personlegdom. For det er dette dei kan, menneska hjå Hjelle. Dei ser kva som vil passe i nettopp din heim, få fargane til å flyte slik at heimekjensla kjem mot deg idet du trør over dørterskelen.
Er du klar for å skapa draumeheimen denne hausten? Legg turen innom Malermester Hjelle i Fjord'n Senter og la draumane komme til live.
Myrketida er her
- finn inspirasjon hos oss!
Med veggfargar, tapet, golv og gardiner som harmoniserer, vert eit hus til ein draumeheim. Likevel kvir mange seg for å gå i gang slik Halvor Bakke gjer det i den populære TV-serien. Men om du søker rett fagleg kompetanse, kan også du få ein unik heim.



√ Malerarbeid
√ Tapetsering
√ Gulv
√ Solskjerming
√ Gardiner
√ Tepper
√ Duker
Vi hjelper deg gjerne å ta de rette valgene!

Bli inspirert - kom innom
Opningstider i butikken:
Mandag-fredag 10-18 • Laurdag 10-16
Malermester Alf Hjelle & Sønn AS
Telefon: 915 46 880
E-post: firmapost@alfhjelle.no
Fargerike Hjelle
Telefon: 56 58 15 25
Fjord’n Senter, Leiro 25, 5640 Eikelandsosen


