Tryggleik med kjøpsmekling

Går du og drøymer om å kjøpe bustad, men tør ikkje heilt å ta steget? Kanskje kjennes vegen for kronglete til å legge ut på ferda mot bustaddraumen?



Då skal du velje KJØPSMEKLING hjå PrivatMegleren. Med ein meklar i handa, får du den beste hjelpa når du skal ta eit viktig val i livet.

Eit godt bustadkjøp

Har du sett «Boligjakten» på TV3, kjenner du konseptet. I staden for at meklaren sel ein bustad, så hjelper han deg med å kjøpa ein. Tenesta har vore vanleg lenge i utlandet, no kjem Noreg etter.

Hos PrivatMegleren er tenesta kostnadsfri for våre kundar, og vil ofte kunne bidra til eit betre kjøp.

-         Ein kjøpsmeklar kan hjelpa deg med svært mykje. Vi kan kartlegge behov og svare på kvar det er smart å kjøpe bustad. Vi kan og hjelpa deg med å lesa prospekt og taksrapportar, og du får ein profesjonell part som står på di side når du skal kommunisere med seljaren.

Dette seier eigedomsmeklarfullmektig Vidar Haugland Hjertaas ved PrivatMegleren Vikøyr & Brandt i Os, som med sine ni tilsette er Bjørnafjordens største meklarkontor.

Vidar Haugland Hjertaas

Vidar Haugland Hjertaas

Tryggleik og kunnskap

Å kjøpe bustad er ikkje noko du gjer kvar dag. Det er ei stor avgjerd å skulle kjøpa seg ein heim, og mange kvir seg for å ta steget. Risikoen er høg, og det handlar om mykje pengar. Om du er ein av dei mange som kjenner på at det vil vere skremmande å legge ut på ei slik ferd på eiga hand, så er kjøpsmekling ordninga for deg.

Meklaren sit nemleg på mykje kunnskap og informasjon om bustadmarknaden som kjem kunden til gode.

Kan spare hundretusena

Til dømes kan du ved å sende kjøpsmeklaren prospektet for bustaden du vurderer å kjøpa, få ei profesjonell vurdering om dette kan verte ein god handel, om prisen er høg eller lav.

Kanskje er det noko du bør vere særleg oppmerksam på, eller det kan vere feil eller manglar ved bustaden som er dyrt å gjere noko med?

Ein slik gjennomgang med meklaren kan spara deg mykje pengar.

-         Ved eit bustadkjøp sparte vi kjøparen for fleire hundre tusen ved at vi påpeika større endringar som ikkje var byggemeldt.

Vidar hugsar og ein kunde som sendte han prospekt over eit eldre bustadhus som kravde omfattande renovering. Kunden sjølv hadde stjerner i auga, men Vidar fekk han ned att på landjorda ved å peika på alt som måtte gjerast før han kunne flytta inn der med familien.

-         Oppussinga ville enda i millionklassen, og saman fann vi eit anna hus som ville passe familien betre. Kunden vart særs nøgd, og glad for at han ikkje hadde risikert økonomi og ekteskap på å kjøpa det gamle huset.

Våre meklarer tar gjerne ei uforpliktande prat med deg.

Våre meklarer tar gjerne ei uforpliktande prat med deg.

Med kjøpsmekling inngår du ei uforpliktande avtale med meklaren, som då står klar til å hjelpa deg med å vurdera bustadene du ser deg ut.

-         Vi les prospekta, taksrapporten og tek samtalen med motparten for å vurdera pris, og vi kan hjelpa deg reint praktisk om du ynskjer å by på ein bustad. Då kan det vere kjekt å ha ein partnar som kan meklarspråket, smiler Vidar.

Bustadhjelp frå A til Å

Om du ikkje heilt veit kva bustad du ser etter, men har bestemt deg for området du vil bu i, og kva den neste bustaden din må innehalde, så kan PrivatMegleren hjelpe deg med det og.

-         Med ei slik avtale vil vi aktivt sjå etter aktuelle bustader for deg. Vi kan og vere med deg på visning om du vil det. Her får du meklaren med deg heilt frå den første kontakten med oss og fram til du står med nøkkelen til din nye heim i handa.

PrivatMegleren KJØP

Med tenesta KJØP har du meklar med deg i kvart trekk av bustadkjøpet. Vi kartlegg behova dine nøye, og søker både i ulike marknader og våre eigne nettverk for å finne det som du vil vere interessert i. Vi hjelper med gjennomgang og vurdering av salsoppgåve og tilstandsrapportar, vurdering av prisantydning til taktisk rådgjeving gjennom budrunden.

PrivatMegleren KJØP finnast i to variantar, Basis og Premium. Fleirtalet vel Basis, som er den enkle varianten.

-         For dei fleste passar Basis perfekt. Premium er for deg som ønsker at vi aktivt leiter etter bustader for deg. Då fortel du oss kva du ser etter og kva som er prisramma, og så gjer vi resten. I tida som kjem, har vi tru på at kjøpsmekling vert meir og meir vanleg.

Vel du KJØP hjå PrivatMegleren Vikøyr & Brandt, får du profesjonell og personleg service til å finne draumebustaden din trygt og enkelt.

Ta kontakt med oss for ei uforpliktande samtale i dag.