Butikken med dei nære verdiane

Ein gong på 50-talet starta Paul Martin Sælen ein liten butikk i Smiegården på Øyro i Os.

No har barneborna overtatt og modernisert butikken, men dei gamle verdiane har dei teke vare på.

Heilt sidan starten har hovudfokuset vore på service. Hos Jernia Sælen skal du få god hjelp frå kvalifisert og engasjert personale. Her har det aldri vore noko bruk og kast.

Vareutvalet skal bestå strenge kvalitetskrav, elles får det ikkje vera ein del av sortimentet til Jernia Sælen.

Hans Kristian, Paul Hans og Paul Sigurd Sælen.

- Har det ikkje kvalitet, skal det ut, seier Paul Sigurd Sælen, no tredje generasjon Paul som jobbar i butikken.

Brørne Paul Sigurd og Hans Kristian Sælen har tatt over arven frå farfar. No skal dei saman driva butikken som farfaren starta, og som sonen Paul Hans sidan overtok, vidare.

Hans Kristian, Paul Hans og Paul Sigurd Sælen.

Hans Kristian, Paul Hans og Paul Sigurd Sælen.

Jernia Sælen ved oppstarten på 1950-talet.

I 1983 vart bygningen riven, og eit nytt bygg vart sett opp.

Slik såg det nye bygget ut då det kom opp på midten av 1980-talet.

Jernia Sælen våren 2020. Fasaden er den same, men innsida er vorten ny.

På 90-talet gjekk P. M. Sælen inn i Jernia-kjeda, som ein av dei fyrste, utan å fira på kvalitetskrava av den grunn.

- Med Jernia kjende vi oss sikre på at vi fekk ein aktør som sto for dei same kvalitetskrava som oss sjølve, seier Paul Hans.

Jernia Sælen er autorisert Stihl- og Husqvarna-forhandlar, og kan reparera det som trengst, slik at du kan vera sikra at verktøyet du kjøper her, vil stå deg bi i mange trufaste år.

Ettersom etterspurnaden og ryktet har spreidd seg, har butikken vakse. Når du kjem til Jernia på Øyro i dag, møter du ein flott butikk på 500 kvadrat fordelt over to etasjar.

Sælen-familien har sterke røter til Jernia. Frå venstre Paul Sigurd Sælen, Paul Hans Sælen, Maria Hilda Sælen Larsen, Hans Kristian Sælen

Sælen-familien har sterke røter til Jernia. Frå venstre Paul Sigurd Sælen, Paul Hans Sælen, Maria Hilda Sælen Larsen, Hans Kristian Sælen

Framleis er det verkstad på bakrommet. I dei nyoppussa og utvida lokala tek mekanikar Nils Georg i mot alle merke til reparasjon, jamvel om verktøyet er kjøpt hjå Jernia eller ikkje.

Her hjå Jernia kjøper du kvalitet som varer, og får utstyret fiksa om det vert naudsynt. Her er det ikkje bruk og kast, og difor er det viktig at det er kvalitet på vareutvalet.

Nils Georg Bøe i verktaden på Jernia Sælen

Mekanikar Nils Georg Bøe er tusenkunstnar på verkstaden

Mekanikar Nils Georg Bøe er tusenkunstnar på verkstaden

Alt du treng

Jerna har alt du treng til hus og hytte, både innvendig og utvendig. Skal du baka kake, kan butikkmedarbeidar Marie Hilda hjelpa deg med alt du treng frå slikkepott til kakepynt. Om du treng ei ny panne til middagen samstundes, så har Jernia det óg.

Her kan du få kjøpt motorsag om du treng å rydda skogen som har vakse fram rundt huset gjennom ein lang og mild vinter, eller ei skrumaskin frå Bosch til det nye panelet du skal setja opp i stova.

Samstundes kan du få slipt ein ekstranøkkel til tantebarnet som skal koma på besøk, eller endeleg skifta ut patrona i den oppblåsbare flytevesten. Noko som nok var på tide, kan Hans Kristian fortelja deg, når han påpeikar at best før-datoen på den gamle var i 2009. Då er det godt med personleg service frå dei som kan det.

Treng du ein ny vedomn i stova, kan du kjøpa denne hos Jernia på Øyro. Dei kan og hjelpa deg med frakt og installering om du ynskjer det.

- Montering av omnar har vi gjort i mange år, og er eit oppdrag vi likar særs godt, seier Paul Hans.

Å reisa heim til folk for å installera ein vedomn i stova deira er nett som å koma på kaffibesøk der ein får prata og gitt den gode hjelpa som Jernia og Sælen-familien står for.

Brørne Paul Sigurd (t.v.) og Hans Kristian Sælen har tatt over butikken, og skal føra arven frå farfar vidare.

Brørne Paul Sigurd (t.v.) og Hans Kristian Sælen har tatt over butikken, og skal føra arven frå farfar vidare.

Os kan vera stolt av å ha ein av dei eldste Jernia-butikkane i bygda, og du vil ikkje angra på turen til Jernia på Øyro når det er noko i hus og heim du treng hjelp til.

Brørne Paul Sigurd (t.v.) og Hans Kristian Sælen har tatt over butikken, og skal føra arven frå farfar vidare.

Her hjå Jernia Sælen får du hjelp og personleg service av butikken som har hatt berekraft i fokus, sidan lenge før det var eit moteord.

Velkommen skal du vera!

OPNINGSTIDER
Mån - fre: 08:30 - 18 (laurdag til 15)

Tlf. 56 30 44 90
pmsaelen@jernia.no