Kombinerer eigedomsmekling og familieliv på Søfteland

Med jobben i nærområdet kan Jeanette Karlström kombinere det beste ho veit
- familieliv og eigedomsmekling 

Portrettbilde av Jeanette Karlstøm

JEANETTE KARLSTRØM

Favorittmåltid: Biff med fløytegratinerte poteter. Det er sambuaren min som er den beste kokken heime hos oss.

Draumereisemål: USA.

Favorittstad i Bjørnafjorden: Søfteland, der eg bur, så klart.

Beste eigenskapar: utadvendt, positiv og blid.

Eit spesielt minne: Det å få vere på hytta som ligg ved sjøen i Nordtveitgrend i Fusa gir alltid gode minne.

Hos PrivatMegleren Vikøyr & Brandt i Os, er ei smilande Jeanette Karlström (25) i ferd med å avslutte det ho held på med.

– Det har vore ein fin dag, seier ho. Eg har vore på synfaring i føremiddag og det enda med at dei valde meg. Jeanette strålar når ho fortel om det ho arbeider med.

– Vi har det så kjekt på jobb, seier ho, og gir tydeleg uttrykk for å ha hamna i rett yrke.

Jeanette har drøymt om å bli eigedomsmeklar sidan 8. klasse på ungdomsskulen. Ho hugsar då foreldra skulle selje huset, og ein meklar frå PrivatMeglaren Vikøyr & Brandt kom på synfaring. Det tende noko i henne. Draumen heldt ho fast ved sidan, og den førte ho til BI i Bergen og ein bachelor i eigedomsmekling, jus og økonomi. Etter ein periode i eit anna meklarfirma, har ho funne sin plass i PrivatMeglaren Vikøyr & Brandt, slik ho såg føre seg allereie på ungdomsskulen.

Sambuer Fredrik er den som lokka Jeanette til Os. Foto: Ann Iren Laupsa.

Jeanette er oppvaksen på Askøy, og det var kjærleiken som førte ho til Søfteland og Bjørnafjorden.

– Vi budde i Bergen, men då det vart tid for å etablere seg, var det lett å velje Os, seier Jeanette. Sambuaren min, Fredrik, er frå Os, og har familie her. Os har så mykje å tilby med eit koseleg sentrum med mellom anna butikkar, servering og utestadar. Vi trivst veldig godt, og det bur fine folk her. Her skal sonen vår få vekse opp.

Jeanette og Fredrik etablerte seg først i ein tomannsbustad i Storestraumen på Søfteland. Dei likte seg så godt at dei seinare valde å kjøpe einebustad i same område.

–  Storestraumen er eit stort og populært bustadområde kor det bur menneske i alle aldrar, seier Jeanette. Det er kort veg både til Os og Bergen, og det er hyppige buss-samband. Det er ypparleg med barnehage i feltet. Vi kan gå for å levere og hente sonen vår, Milian (2 ½ ), og om vinteren kan vi også ake ned bakken til barnehagen. Eg blir som eit barn igjen når eg er ute å leiker med Milian, seier ho.

Sonen Milian likar seg på lekeplassen i Storestraumen. Foto: Ann Iren Laupsa

Familien er viktig og yrket som eigedomsmeklar let seg fint kombinere med familielivet. Alt handlar om planlegging og organisering, seier Jeanette.

– Det er klart det går ein del kveldar og helger i jobb, seier ho. Samstundes har vi fleksible arbeidsdagar, og kan styre mykje av kvardagen sjølv. Det hjelper òg at er eg så heldig å ha ein sambuar som har 8-16 jobb, og med moglegheit til både fleksitid og heimekontor.

Jeanette fortel at ein fin arbeidsdag gjerne endar med at ho har ei visning etter middag.

– Det er ein av fordelane med å jobbe i nærområdet, seier ho. Det å kunne gå ut å jobbe igjen om kvelden, er undervurdert. Eg likar at eg kan knyte privatliv og arbeid saman.

Med si inngåande lokalkunnskap gler Jeanette seg til å hjelpe kundar som ønskjer å selje eller kjøpe bustad i området.

– Eg har ei personleg tilnærming til Søfteland. Eg veit kva ein kan finne i nærleiken, kor ein får tak i det ein treng, og kor ein kan kjøpe dei beste pannekakene, seier Jeanette.

Heidi Fugleberg på tur i Strandvik.

Sambuer Fredrik er den som lokka Jeanette til Os. Foto: Ann Iren Laupsa.

Sambuer Fredrik er den som lokka Jeanette til Os. Foto: Ann Iren Laupsa.

Lekeplassen i Storestraumen

Sonen Milian likar seg på lekeplassen i Storestraumen. Foto: Ann Iren Laupsa

Sonen Milian likar seg på lekeplassen i Storestraumen. Foto: Ann Iren Laupsa

Familietid

Familietid: Jeanette, Fredrik og Milian storkosar seg ute. Med leikeplass rett i nærleiken av heimen er det lett å kome seg ut ein fin vårdag. Foto: Ann Iren Laupsa

Familietid: Jeanette, Fredrik og Milian storkosar seg ute. Med leikeplass rett i nærleiken av heimen er det lett å kome seg ut ein fin vårdag. Foto: Ann Iren Laupsa

Søfteland, med både Storestraumen og Gåsakilen, er eit høgaktuelt bustadområde med stor utbygging. Med opning av Lyseparken vert det mange nye arbeidsplassar i Os, og Bjørnafjorden er ein attraktiv kommune med stor tilflytting.

– Det kokar i marknaden, fortel Arild Vikøyr i PrivatMegleren Vikøyr & Brandt. Vi har mykje å gjere, og alle våre tilsette er lokale folk som kjenner marknaden. Han er glad for at Jeanette konsentrerer seg om Søfteland. Med sin detaljerte kunnskap er ho det naturlege førstevalet som eigedomsmeklar.

– Eg er heldig som får kombinere familieliv og draumejobben, seier Jeanette. Ho gler seg til kvar dag som eigedomsmeklar i Bjørnafjorden, på favorittstaden Søfteland.

Storestraumen og Gåsakilen

Storestraumen og Gåsakilen. Foto: Privatmegleren Vikøyr & Brandt.

Storestraumen og Gåsakilen. Foto: Privatmegleren Vikøyr & Brandt.

Privatmegleren vikøyr og brandt logo

PrivatMegleren Vikøyr & Brandt
Hamnevegen 59
5200 Os

Tlf. 56 30 32 30
v&b@privatmegleren.no

www.privatmegleren.no/vikoyrbrandt