Året der hus og heim
står i fokus

Alt kan fiksast - men du treng ikkje gjera det sjølv!

I år er heimesommaren eit faktum for dei fleste av oss, og mange vil bruka tida på å få orden på hus og hage. Har du eit prosjekt du skal i gang med, kan Grunnarbeid Vest hjelpa deg å få det perfekte resultatet.

Bjørn Kallekleiv (t.v.) og Arild Hatland er eit team du kan stola på, og med dei på laget kan du sjølv gjere det du likar best medan dei gjer jobben du skal ha gjort.

BÅDE SMÅ OG STORE jobbar kan Grunnarbeid Vest gjera for deg. Anten du treng eit enkelt jordlass i hagen, eller om du treng hjelp til eit større byggjeprosjekt eller murarbeid, har Grunnarbeid Vest både folka og utstyret som gjer arbeidet raskt og enkelt, og med det resultatet du ynskjer.

- Vi gjer det enkelt for deg, og fiksar alt som skal gjerast. Både prosjektering, søknadsprosessen og grunnarbeidet tek vi oss av, seier Arild Hatland, som er dagleg leiar i bedrifta.

Osingen tiltredde stillinga i april, og har ei audmjuk kjensle av å skulla leia eit familieføretak som har vart i meir enn 25 år.

- Vi er særs glad over å ha fått Arild med på laget, seier Bjørn Kallekleiv. Han er andre generasjon i familiebedrifta, som faren Jan starta i 1994.

Ivan Kallekleiv er tredje generasjon i familiebedrifta.

Ivan Kallekleiv er tredje generasjon i familiebedrifta.

Også tredje generasjon er med.

I 2018 byrja Bjørns eldste son, Ivan, som lærling, og i år har veslebror Niklas på 14 år sin første sommarjobb her.

Interessa for gravearbeid har dei fått frå far og farfar.

Då Jan ville pensjonera seg, trong Grunnarbeid Vest nye krefter.

- Far hadde vore passiv styreleiar siste 10 år, og Arild kom inn for å styrkja administrasjonen, fortel Bjørn.

Bjørn, som sjølv har halde på med grave- og sprengingsarbeid sidan han fekk si første gravemaskin i sandkassa, overtok rolla som prosjektleiar, og Arild fekk ansvar for drifta. Denne fordelinga er dei begge tilfreds med.

Lærlingen Ivan Kallekleiv starta tidleg å gå i fars og farfars fotspor.

Lærlingen Ivan Kallekleiv starta tidleg å gå i fars og farfars fotspor.

Bjørn Kallekleiv (t.v.) og Arild Hatland er eit team du kan stola på, og med dei på laget kan du sjølv gjere det du likar best medan dei gjer jobben du skal ha gjort.

Bjørn Kallekleiv (t.v.) og Arild Hatland er eit team du kan stola på, og med dei på laget kan du sjølv gjere det du likar best medan dei gjer jobben du skal ha gjort.

Har du eit prosjekt du vil ha utført i år, kan du la Grunnarbeid Vest gjera jobben, medan du sjølv gjer det du likar best. Som å nyta sommaren!
- Berre ring oss!

MED 12 TILSETTE OG ein velutstyrt maskinpark, er Grunnarbeid Vest eit føretak som får til det meste.

- Vi har maskiner for små og store oppdrag, kan Bjørn fortelja.

Prosjektleiaren er utdanna innan graving-, boring- og sprengingsarbeid. Sidan levde han gutedraumen ved å reisa rundt på forskjellige anlegg og hausta erfaring. I 2006 gjekk han inn i familiebedrifta. Her investerte Bjørn i gravemaskinar og naudsynt utstyr til å kunna vidareføra det far hans hadde etablert.

Grunnarbeid til hagemur på Nesttun.

Sidan har Grunnarbeid Vest vakse til eit veletablert føretak som kan seia ja til dei fleste oppdrag.

- Vi tek på oss oppdrag i heile Bergen og omland, frå Os til Nordhordland, fortel Arild. - Alt i frå små dagsjobbar til store næringsbygg er blant oppdraga våre, og vi samarbeider med byggherrar som vil ha ting på stell, supplerer Bjørn.

For Grunnarbeid Vest er det viktig med kvalitet og tryggleik i arbeidet dei gjer.

- Det er lettare med samarbeid når folk har ting på stell. Det gjev tryggleik for oss, for kunden og for byggherre, seier Bjørn.

Grunnarbeid til hagemur på Nesttun.

Grunnarbeid til hagemur på Nesttun.

Naturstein kan brukast til trapper, mur og fasade.

Naturstein kan brukast til trapper, mur og fasade.

Natursteinmuren til Anita Meidell var det lærlingen Ivan Kallekleiv som jobba med. Den har dei fått særs god tilbakemelding på.

Natursteinmuren til Anita Meidell var det lærlingen Ivan Kallekleiv som jobba med. Den har dei fått særs god tilbakemelding på.

Grunnarbeid til hage kan du og få hjelp til.

Grunnarbeid til hage kan du og få hjelp til.

Å byggja mur i naturstein er ein Grunnarbeid Vest sine spesialitetar. Steinen kjøper dei frå steinbrot på Voss, Jordal eller i Alta.

Rivingsarbeid kan du og få hjelp til av Grunnarbeid Vest.

OG KUNDANE VERT NØGDE. Det kan mange tilbakemeldingar fortelja. Anita Meidell er éin av dei. Ho trong hjelp til å byggja mur i hagen, og fekk god hjelp av Grunnarbeid Vest heilt frå søknadsprosessen med kommunen, og fram til natursteinmuren sto ferdig oppført.

- Me er særdeles nøgde med den kontakten me har med Grunnarbeid Vest, og det arbeidet dei har utført, fortel ho. - Ikkje berre gjorde dei ein veldig god jobb for oss i søknadsprosessen, men dei har og gjort ein fantastisk jobb med å setja opp muren som er bygd i eit vanskeleg terreng. Me har fått eit smykke av ein natursteinmur oppført, og det på ein profesjonell og god måte.

No gjev ho tommel opp til andre som vil ha hjelp til liknande prosjekt.

Det var Ivan som gjorde jobben hos familien Meidell. Han har gravd med gravemaskin sidan han fekk vera med faren som 4-åring. I år vert han 18 år, og kan allereie skilta med lang erfaring innan grunnarbeid. Slik vert det kvalitet av.

No har Ivan nett byrja med rallycross på fritida, medan Niklas køyrer bilcross junior. Grunnarbeid Vest er med som støttespelar og sponsor. Slik kan nye draumar realiserast.

Biletet i bakgrunnen er natursteinmuren til Anita Meidell.

GRAVEARBEID OG NATURSTEINSMURING ER berre eit av dei mange oppdraga Grunnarbeid Vest tek på seg.

- Vi gjer alt frå graving, boring og sprenging, til betongarbeid, asfaltering, drenering og riving. Om du viser oss kva du vil ha gjort, så tek vi oss av resten, seier Arild.

Arild Hatland er dagleg leiar i Grunnarbeid Vest.

Arild Hatland er dagleg leiar i Grunnarbeid Vest.

Dei har utført mange større prosjekt for byggherrar i Bergen. Wergeland Hageby er eitt av dei.

- Dette har vore eit stort prosjekt der vi stod for riving av to eldre hus, og grunnarbeidet til oppføring av totalt 11 familiebustader med parkeringsanlegg under bakken, fortel Bjørn.

Grunnarbeid Vest har fleire store køyretøy som kan utføre det meste av arbeid. Johnny Solberg er sjåfør.

OM DU SKAL BYGGJA bustad, garasje eller påbygg, er Grunnarbeid Vest ein god samarbeidspartnar for å få arbeidet godt gjort.

Anten du berre treng hjelp med å få levert eit jordlass, eller du har sett av sommaren til eit større byggjeprosjekt, kan du kontakta Grunnarbeid Vest for hjelp.

- Me ordnar med alt, stadfestar Bjørn og Arild.

Grunnarbeid Vest har fleire store køyretøy som kan utføre det meste av arbeid. Johnny Solberg er sjåfør.

Grunnarbeid Vest har fleire store køyretøy som kan utføre det meste av arbeid. Johnny Solberg er sjåfør.

VÅRE TENESTER

  • Graving
  • Boring og sprenging
  • Betong
  • Drenering
  • Natursteinsmuring
  • Riving
  • Byggesøknad og prosjektering
  • Levering av hagejord
  • Minigraver med førar for ein dag