Fusa
vidaregåande
skule


KOMPETENT
OPEN
MODIG

På Fusa vgs
tilbyr me følgjande utdanningsprogram:

YRKESFAGLEG vg1

► Helse- og oppvekst
► Naturbruk
► Restaurant og matfag
► Teknologi og industrifag


YRKESFAGLEG vg2

► Helsefagarbeidar
► Barne og ungdomsarbeidar
► Akvakultur
► Kokk og servitør
► Industriteknologi


YSK/TAF
(fagbrev + studiekomp. m/realfag)

► YSK/TAF-HELSE
► YSK/TAF-MARIN
► YSK/TAF-RM (kokk/servitør)
► YSK/TAF-TIF (mekanisk)
► YSK/TAF-TIF (automasjon)


STUDIEFØREBUANDE

► Kunst, design og arkitektur
vg1, vg2, vg3

Elev på studie-spesialiserande
– Kunst, design
og arkitektur


Då eg skulle søkja på vidaregåande skule var eg ganske sikker i valet mitt, og hadde vore det ei stund. Eg visste at eg ville gå på KDA, og at eg ville bruke dei neste tre åra av livet mitt på å læra om kunst og ha ein skulekvardag full av kreativitet. Det skulle visa seg at eg skulle læra mykje meir enn fargelære og kunsthistorie. Det eg har lært på KDA er eigenskapar eg kjem til å nyta godt av resten av livet.

Noko av det fyrste du blir utfordra på er å tenkja utanfor boksen. Dei fleste oppgåvene me får i programfaga legg til rette for eigne løysingar og kreative idear. Her blir kreativiteten sett på prøve. Ja, det kan hende at den fyrste ideen du har er god, men kva skal til for at den skal bli betre? Kanskje finns det ei heilt anna løysing på oppgåva som du ikkje har tenkt på. I ein klasse på ti stykk vil ingen laga det same, sjølv om me alle jobbar med den same oppgåva. Vegen frå den fyrste ideen til ferdig produkt er lang, men denne kreative prosessen er eit utruleg godt verktøy å ha med seg inn i arbeidslivet.

Positiv innverknad


KDA er ikkje berre kunst, og eg har nytt godt av den kreative prosessen i alle andre fag også. Sjølv har eg merka at det har hatt positiv innverknad på arbeidet mitt i andre fag. Om eg for eksempel skal skrive ein fagartikkel i naturfag, eller ei novelleanalyse i norsk kjem eg raskare i gang med arbeidet, og har fleire idear til korleis eg skal løyse oppgåva.

Noko anna som er fint med KDA er den kreative fridomen du får. Som eg nemnde tidlegare legg lærarane opp til at dei fleste oppgåvene er ganske frie, og me får sjølv bestemma kva me vil gjera innanfor dei rammene oppgåva gir. Dette betyr at me kan prøva oss med mange ulike material og arbeidsmetodar som me kanskje ikkje får gått gjennom i plenum. Det er berre kreativiteten som set grenser.

Godt klassemiljø


Alt dette er eigenskapar og fordelar med å gå på KDA, med det som trumfar alt dette er fellesskapet som er i ein kunstklasse. Det er alltid viktig med eit godt klassemiljø for at ein skal trivast. Sjølv vart eg positivt overraska då eg byrja på KDA. Eg kjende ikkje so mange, og alt var nytt, men klassen vart raskt ein samansveisa gjeng. Det var mykje takka vera programfaga. Når me alle jobbar med kvart vårt prosjekt går praten, og me spør ofte kvarandre «kva tenkjer du?» eller «korleis ville du gjort dette?». Det oppstår eit kreativt fellesskap, og me kan alle samlast rundt felles interesser.

Kjøkkensjef
i ein alder av 23 år


I sommar jobba Nils Andris Hamre som kjøkkensjef på Siderhuset Ola K. Siderhuset Ola K er ein restaurant på Nå i Sørfjorden i Hardanger. Her jobba han i vakre omgjevnadar ved fjord og fjell, med lokale råvarer rundt kvar sving. Restauranten blei smykka med Nyskaperpris 2021 frå Sparebankstiftinga Hardanger.

Val av utdanning

Nils Andris fortel at då han gjekk i 10 klasse ønska han å jobbe med menneske. Det stod mellom Helse og oppvekst eller Restaurant og matfag. For å orientere seg om utdanninga var han på Open dag på Fusa vgs. Det var i møte med faglærarane som fekk Nils Andris til å ta det endelege valet. Han tenkte at det høyrtest kult ut.

Maten og måltidet
skal vera ei oppleving


Då eg starta på vg1 var eg fast bestemt på at eg ville bli verdas beste kokk. Eg var nok påverka av media og TV programma som handla om konkurranse og om det å vinna. Det var spennande å sjå kva eg kunne oppnå både med smak og presentasjon. Etter kvart som eg har fått erfaring og ser ein større heilskap i kokkeyrket, føler eg meir at det er sjølve måltidet som er viktig, det å spre matglede. Om du jobbar på ein stjernerestaurant, hotellkjøkken, institusjonskjøkken eller andre stadar der ein lagar mat, kan ein alltid gjera maten og måltidet til ei god oppleving for den som tar imot. Det er like viktig i kvardagen som til fest. Eg har veldig gode minner frå farmor, som var så flink å samle familien rundt matbordet. Det er nok ho eg har henta inspirasjonen i frå.

Eg har erfart at kokkefaget handlar om så mykje meir enn det eg først tenkte meg. I bransjen treng me alle typar folk med ulike eigenskapar. Me treng dei kreative, dei effektive, dei nøyaktige, dei spontane, rett og slett alle typar folk som kan skapa eit godt team.

Lønn og arbeidstid

Det er knytta mange myter til kokkeyrket; Lav lønn, lange arbeidsdagar og ubekvem arbeidstid. Men det er ikkje verre her enn i andre bransjar. Det er viktig å huska på at det er mange moglegheiter som kokk og stor variasjon både med lønn og arbeidstid. Ein kan velgje den arbeidssituasjonen ein ønskjer.

Tidleg ansvar –
og spennande utfordring!


Som nyutdanna kokk fekk eg tillit tidleg. Eg fekk jobba med nye lærlingar, eit ansvar som fekk meg til å veksa og utvikla meg.

Tida på Siderhuset Ola K i Hardanger var meir enn berre å vera kjøkkensjef. Me starta med eit gamalt hus utan kjøkken, innreiing og utstyr. Derfor var starten ei kombinasjon av planlegging, snikkararbeid, røyrleggar og arbeidsleiar. Då var det ei stor oppleving når me endeleg kunne ta imot dei første gjestene og kjenna på meistringsfølelse og gleda ved å byggja noko saman med andre. Eit slikt løft gjev både nyttig erfaring og er ei oppleving som overgår rolla som kjøkkensjef. Derfor er ungdomsbedrifta som elevane på RM på Fusa vgs har no, eit flott prosjekt som kan gje elevane nyttig arbeidserfaring.

TAF restaurant og matfag
- som einaste TAF (YSK)- tilbod i landet


Vidare planar

Planen er at eg skal ta til som Sous chef på ein ny restaurant som kjem i Bergen, og det gler eg meg veldig til. I tida i yrket har eg skaffa meg eit stort nettverk, som gjer at eg kan reise verda rundt om eg ønsker det. Eg har aldri angra på valet når det gjeld utdanning, eg stor trivs i yrket og tur ikkje eg hadde kome så langt om eg hadde tatt eit anna val.

Fusa vgs:

Etter at Fusa vgs. starta opp med TAF restaurant og matfag, som einaste i TAF (YSK) tilbod i landet, har søkar- talet hatt ei jamn auke.

På Fusa vgs. har me engasjerte faglærar som brenn for å utdanna dyktige fagarbeidarar. Dei nyttar bla. metoden “Ungt entreprenørskap” i undervisninga. Metoden gir elevane moglegheit til verdiskaping i eige nærmiljø. Den gjev og elevane ei variert undervisning, som gjev meir lyst til læring og utvikling. Kanskje tar dei med seg erfaringa dei har i frå skulen for å bygge meir kompetanse, for sidan å komma attende for å bidra til lokal utvikling og verdiskaping.

Refleksjon frå far - Andris Hamre

- Når Nils var 15 år og skulle velje utdanningsretning, var mi klare meining at han skulle få velje sjølv, men eg meinte at han måtte velje ei løysing som også gav han studie-kompetanse, for å kunne studere vidare. Eg tenkte at studiekompetanse ville gi fleire moglegheiter.

- Eg ser annleis på det no, så der tok eg feil. Nils si søster starta også på ei yrkesfagleg utdanning og har fagbrev. Etterpå tok ho påbygg og mastergrad. Systera og Nils har begge danna seg ein grunnmur, ein grunnmur dei ikkje vill hatt om dei kunn hadde studie-kompetanse. Gjennom yrkesutdanning og fagbrev vart dei kvalifisert til å gå rett inn i eit yrke, dei lærte seg å stå opp om morgonen for å nå tidlegvakta og å ta ansvar for både seg sjølv, kollegaene og for at kundane skulle få eit godt møte med verksemda dei jobba i . Eg trur all arbeidserfaring har stor verdi for framtida og får du den av dyktige rettleiarar i ei lærlingeperiode, så står du ofte betre rusta i møte med arbeidslivet enn om du «berre» har sete på skulebenken. Om eg skal gje noko råd for forelder som har elevar som går i 10 klasse, så må det være å la ungdommen få velje sjølv. Det er viktigare at dei gjer noko dei har lyst på enn at dei gjer det vi meiner er «rette val».

All tekst: Fusa Vidaregåande
Foto: Fotograf Silje Holte
Privatfoto av Nils Andris Hamre

Kontakt oss gjerne:

Tlf. 56 58 09 00 | Leiro 43, 5640 Eikelandsosen | fuv.post@vlfk.no

Velkomen til Fusa vidaregåande skule
- gler oss til å sjå deg