- Trivsel er høgt prioritert

FUSA VIDAREGÅANDE SKULE

Fusa vidaregåande skule ligg i Eikelandsosen og har i dag 315 elevar.

Plasseringa til skulen gjer at det kjem elevar frå mange ulike kommunar. Største andel av elevane kjem frå Bjørnafjorden kommune, der vel 100 elevar kjem med buss i frå Os.


Om skulemiljøet vårt

Fusa vidaregåande skule ønskjer å gje elevane eit godt grunnlag som kvalifiserer for yrkesliv og til høgare utdanning. Skulen har særleg fokus på eit trygt og godt skulemiljø. Det er viktig for oss at elevane trivst på skulen, då trivsel er ein viktig føresetnad for læring.

I dette arbeidet har elevmentorane ei viktig rolle.

Irmelin Lygre er leiar for elevmentorane, og spelar ei viktig rolle i trivselen på Fusa vgs.

Irmelin Lygre er leiar for elevmentorane og har erfaring gjennom to år som mentor. Ho fortel kva som ligg i denne rolla:

- Elevmentorane på skulen arbeider for å skape eit godt og trygt skulemiljø. Me består av elevar som går på skulen, og du kan kjenne oss att på dei raude t-skjortene våre. Ved oppstart av eit nytt skuleår viser me nye elevar rundt, og som ein del av programmet får kvar førsteklasse tildelt eigne elevmentorar som har spesielt ansvar for deira klasse.

Seinare på året driv me oppfølging av dei individuelle klassane, og me gjer vårt beste for å sikre at alle har eit godt grunnlag for læring og trivsel.

I løpet av skuleåret arrangerer me ulike aktivitetar. Me held gjettekonkurransar, Kahoot-spørjeundersøkingar og arrangerer turneringar i for eksempel FIFA og ping-pong. Til jul dekorerer me skulen, me har pepperkakehus-konkurranse og nissejakt. På dagar som for eksempel epledagen, deler me ut eple.

Desse aktivitetane skapar variasjon i kvardagen, og mange elevar på skulen er ivrige deltakarar i dei ulike konkurransane.

I tillegg til dette, fungerer elevmentorane som eit alternativ til dei vaksne på skulen. Me står tilgjengelege for å hjelpe elevar om dei skulle trenge det, om det handlar om å finne vegen, om dei vil anonymt seie noko til ein lærar, eller om ein vil ta opp noko ein ikkje føler seg komfortabel med å seie til ein vaksen. Me har teieplikt og står alltid til rådighet for elevar som trneg det.

Me hjelp elevar frå deira eiga side, me er medelevar - ikkje vaksne. På mange måtar kan me sjå ting frå ein annan vinkel. Elevar fortel at dei føler seg trygge fordi elevmentorane er på skulen, sjølv om dei ikkje treng noko hjelp. Og det er jo slik vi vil ha det!

Irmelin Lygre er leiar for elevmentorane, og spelar ei viktig rolle i trivselen på Fusa vgs.

Irmelin Lygre er leiar for elevmentorane, og spelar ei viktig rolle i trivselen på Fusa vgs.

Læringsmiljø

Resultat i ulike rapportar og undersøkingar for skulen bekrefter korleis Irmelin og elevane opplever skulekvaradagen på Fusa vgs.

Tilstandsrapport for skuleåret 2019/2020:

Nasjonalt - 84,4% fullført og bestått - 4% fråvær - 3,5% slutta.
Vestland fylke - 87,7% fullført og bestått - 4% fråvær - 3,4% slutta.
Fusa vgs - 93,3% fullført og bestått - 2,9% fråvær - 1,0% slutta.


TAF - utdanning ein av tre skular i Vestland fylkeskommune

TAF er eit utdanningstilbod som kombinerer fagutdanning og studiekompetanse. Etter fire år får ein studiekompetanse med fordjuping i realfag og fagbrev innan det faget du har opplæring i.

Utdanninga kombinerer opplæring på skulen og i ei bedrift alle fire åra. Den gjev ei unik samanheng mellom teori og praksis og grundig innsikt i faget. Etter fullført utdanning som TAF-elev har ein eit svært godt grunnlag for å søkja høgare utdanning.

Skulen har tilbod om TAF-utdanning innan fire utdanningsprogram:

  • Helse- og oppvekst (helsearbeiderfaget)
  • Akvakultur
  • Mekaniske fag (TIP/TIF)
  • Restaurant- og matfag

Fusa vgs er den einaste skulen i landet med TAF-utdanning innan restaurant- og matfag, noko me er svært stolte av.

Skulen har sju TAF-elevar innan kokkefaget, fordelt på tre lærebedrifter: Solstrand Hotel & Bad, Scandic Flesland og De Bergenske (hotell Terminus).

Arkitekturmodell av Malin Nerhus.

Arkitekturmodell av Malin Nerhus.

Samarbeid og problemløysing.

Samarbeid og problemløysing.

Kunst, design og arkitektur (studieførebuande)

KDA (Kunst, design og arkitektur) er eit studieførebuande utdanningsprogram som gjev studiekompetanse og er ein veg til høgskular og universitet.

Programfaga er prega av oppgåveløysing som legg vekt på å finne fram til idear, og vidareutvikla desse ideane. I kunstfaga blir det lagt vekt på fordjuping. Elevane får god tid til å løyse oppgåvene.

Arkitekturmodell av Malin Nerhus.

  • Elevane arbeider med bilete. Teknikkane er ulike; teikning, måling, Photoshop.
  • Elevane arbeider tredimensjonalt; med skulpturar, keramikk o.a.
  • Elevane jobbar med design. Dei bygger arkitekturmodellar.
  • Foto og grafikk er eitt av valfaga.
  • Elevane blir gode på å vurdere bilete, design, fargebruk, form og komposisjon. Evna til å sjå estetiske kvalitetar blir utvikla.

Ein viktig del av kunstfaga er kunst- og arkitekturhistoria. Elevane får her grunnleggjande kunnskapar om den europeiske kulturhistoria. Nokre gonger får elevane oppgåver der dei skal hente inspirasjon frå tidlegare tiders kunst, design eller arkitektur.

Samarbeid og problemløysing.

Prosessen er viktig når ein arbeider med programfaga. Ein må finne fram til dei originale og kreative ideane. Så må ein arbeide vidare, og finne fram til løysingar som er endå betre. For å få det til, må ein samtale med lærar, med medelevar og med seg sjølv!  

Ein må snu og vende på ein idé for å gjere han best mogleg. Elevane lærer metodar for korleis dei skal arbeide med ideane sine. Gjennom dei tre åra utviklar dei evna til idéutvikling og problemløysing. Ei slik evne til å tenke kreativt vil dei få bruk for seinare i studiar og i arbeidsliv. Å kunne utvikle idear, og kanskje endå viktigare, å kunne finne fram til idear, vil bli ein etterspurd eigenskap i åra som kjem.   

Studiespesialiserande - realfag og idrett

Fusa vidaregåande skule tilbyr realfag som gjev fordjuping i matematikk, fysikk, kjemi eller biologi. Elevane søkjer då studiespesialiserande på KDA, og vel realfag som programfag når dei startar skuleåret.

Fusa vgs har søkt om å få starte opp idrettsfag som eige utdanningsprogram frå skuleåret 2021 - 2022. Denne søknaden vert avgjort i desember 2020. Dersom denne søknaden vert godkjent, vil tilbodet starta opp hausten 2021, og vera søkbart på VIGO til våren. Får me ikkje godkjent søknaden om å starte idrettsfag, vil me tilby valfag innan idrettsfag alle dei tre åra.

Yrkesfagleg utdanning

Dei vidaregåande skulane i Bjørnafjorden kommune har eit breitt utval av studietilbod ein kan søkje.

Programområder som berre Fusa vgs tilbyr innan yrkesfag er:

  • Naturbruk VG1
  • Restaurant og matfag VG1
  • Akva VG2
  • Industriteknologi VG2
  • Kokk og servitør VG2

Interesse er viktig for val av vidaregåande utdanning

For elevar som no går i 10. klasse er tida snart inne for å gjere val av kva retning ein skal velje innan utdanning.

Vala er mange og valet er viktig. Men uansett kva ein vel, kan ein endre retning undervegs.

Tek ein til på yrkesfag kan ein etter 3 år få generell studiekompetanse og er klar for høgskule eller universitet. Dei fleste som tek til på yrkesfagutdanning vel å gå ut i lære etter 2 år på skule, og står med eit fagbrev i handa etter 4 år og er klare for arbeidslivet.

Nokre av programråda har kryssløp, som gjer at ein kan ta ein annan retning på vegen til eit anna yrke enn det du starta med.

Mange ungdommar er usikre på kva ein skal velja, og vert påverka av familie og vener. Ofte lukkast ein med det ein har interesse for og meistrar godt, så difor kan det å kjenne på magefølelsen vera eit godt tips når ein skal ta ei beslutning innan freista 1. mars.

Kanskje kan utdanningsprogram som Fusa vgs vera freistande? Du er i alle fall hjarteleg velkomen som elev hos oss! Stol på deg sjølv - vel det som er rett for deg.

Yrkesfag:

Vg1:

  • Restaurant og matfag
  • Teknikk og industrifag
  • Naturbruk
  • Helse og oppvekst

Vg2:

  • Kokk og servitør
  • Industriteknologi
  • Akvakultur
  • Helsefagarbeidar
  • Barne- og ungdomsarbeidar

Studiespesialiserande:

Vg1, Vg2 og Vg3: Kunst, design og arkitektur

TAF1, TAF2, TAF3 og TAF4:

  • Helse (Helse og oppvekst)
  • Mekanisk (Teknikk og industrifag)
  • Kokk og servitør (Restaurant og matfag)
  • Marin (Naturbruk)

Fusa vidaregåande skule

Tlf. 56 58 09 00

hordaland.no/nn-NO/skole/fusavgs/