Klar, ferdig…. sommar!


Det kokar i butikken i Hamnevegen. Det er god stemning mellom dei tilsette. Lageret er overfylt med produkt som ventar på at vårsola skal festa grep. Nye fargar gler seg til å skapa fargerike hus og hagar.
- Det er ei heilt spesiell stemning når vi riggar butikken for ein ny sesong. Alle er gira og klare for vår, seier Børge.
Butikken i Hamnevegen har i nær 70 år levert fargar og kvalitetsprodukt til kundar rundt Bjørnafjorden.
- Det er spennande å sjå korleis kundane tar imot dei nye fargane og trendane, seier Pål Fredrik.

Han har jobba i butikken på Os i knappe to år, men er ingen nybegynnar. Han har over 20 år i bransjen både som handverkar og seljar.
- Det er viktig med god fagkunnskap. Vi har eit veldig bra team i bedrifta, smiler Børge.
- Dei fleste av oss har nærast vakse opp i butikken. Sjølv lærlingen er arveleg belasta med white-spirit i blodet.
Utvendig vedlikehald
For nokre er utvendig vedlikehald og måling eit nødvendig onde. Andre gler seg til å koma ut med målarkosten.
Vestlandsveret stiller uansett høge krav til vedlikehald av hus og heim, og folk vert meir og meir opptekne av å gjera det fint i og rundt heimen. Gjengen på Fargerike Os er ofte på befaring heime hos kundane, både for teknisk rettleiing, men også fargesetting av hus.
I tillegg til god kompetanse, er det viktig og ha gode produkt i butikken. Fargerike har eit nært og godt samarbeid med dei store produsentane og fører eit stort sortiment fra Jotun, Tjæralin og Scanox.
I tillegg utfordrar Fargerike-kjeden med sine over 100 butikkar, produsentane til å finna opp nye og betre produkt. Eit resultat av dette er bestseljaren Baron Ultra.
- Dette produktet brukar eg sjølv. Ein av dei beste målingene på marknaden, seier Paal.
- Produktet er kome i ei sjølvreinsande utgåve, Baron Brilliant, skyt Børge inn.
- Den brukar eg.

Terrasse

Noko av det kjekkeste med sol og varme, er å setja ut hagemøblane. Men det er ikkje like kjekt hvis terrassen er stygg av slitasje og grønske. Eit godt tips er å ta terrassevasken tidleg på året. Ta vaskingen i dritveret, så er terrassen klar for behandling når finveret kjem.

Hos Fargerike får du gode tips og rett produkt til rett underlag, sik at resultatet vert perfekt.
Nytt av året er 21 nye terrassefargar. Oppstrøksprøver og fargekart er klare i butikken.

Stor golvavdeling
I tillegg til måling og tapet, har Fargerike Os, Bjørnafjordens største golvavdeling. Her finn ein nærast alle typar golv.
- Her er siste nytt, herda tre, seier Børge, og viser stolt fram nyhendet som han sjølv har vald ut hos fabrikken.
I avdelinga for solskjerming er det også høgt tempo om dagane. Her renn det inn med skreddarsydd solskjerming som skal monterast. Måltaking og montering av utvendig solskjerming og terrassemarkiser er gjengen stadig ute på.
- No kan våren koma for fullt. Vi er klare for hjelpa med alt det kunden måtte trengja til klargjering av hus og heim både innvendig og utvendig, smiler Børge.


Telefon: +47 56300380
Epost: os@fargerike.no
Adresse: Hamnevegen 54, 5200 Os
Web: www.fargerike.no
