Eiendomsmegler Vest

- din bustadpartner i Bjørnafjorden

Skal du selje eigedom i Bjørnafjorden og ønsker ein engasjert og dyktig meklar, er det Eiendomsmegler Vest avdeling Os du skal ta kontakt med.

I eit hyggeleg lokale midt i Os Sentrum sit tre kompetente meklarar. To av dei har full oversikt over bustadmarknaden i kommunen, medan tredjemann har bred kompetanse på prosjekt, næring og landbruk i Hordaland. I tillegg har kontoret tilsett ein trainee som er under full opplæring og utdanning.

Daniel Røksund er salsleiar på Os-kontoret. Han har 14 års erfaring med sal av eigedomar. Med seg på laget har han eigedomsmeklar Alexander Olsen, ein dyktig fagmann som nyleg har fått ansvar for oppfølging av fullmektigane i selskapet samtidig som han jobbar for fullt med mekling av eigedomar i Os, Fusa og på Tysnes. 

Daniel Røksund

Daniel Røksund

Etter rekordåret i 2020, dobla Eiendomsmegler Vest på Os antal tilsette og styrka stallen med ringreven Pål Huun Monsen som har jobba med eigedomsmekling i heile 39 år. Han sit no på prosjekt, næring og landbruk samtidig som han er førelesar i meklarfaget på høgskulen i Sogndal.

Pål Huun Monsen

Pål Huun Monsen

Trainee Jeanett Borgen Kallekleiv blei også tilsett på nyåret. Ho er førebels under utdanning, og får i stillinga som trainee, tett og god opplæring av dei fagsterke kollegaene på Os samt av selskapets trainee koordinator.

Jeanett Kallekleiv

Jeanett Kallekleiv

Kjøp og sal av bustad er ei stor og viktig sak for dei fleste, og då er det viktig å velja ein meklar du følar tillit til. 

Meklarane hos Eiendomsmegler Vest på Os kjenner nærmiljøet og marknaden i Bjørnafjorden svært godt. Dei veit at god rådgjeving og oppfølging gjennom heile salsprosessen er viktig.

Alexander Olsen

Alexander Olsen

Eiendomsmegler Vest er eit seriøst selskap med eit stort finanssystem i ryggen, og har kompetanse på alt innan bustadkjøp- og sal. Slik at du får ein god, sikker og hyggeleg handel frå start til endes.

-         Me er stolt og audmjuk over rekordåret 2020, der Eiendomsmegler Vest selde flest brukte bustader i Bjørnafjorden, fortel salsleiar Daniel Røksund.

Han og dei andre meklarane tek gjerne ein prat med deg om du vurderer å selje, men ikkje heilt har bestemt deg. Dei kan gje deg ei uforpliktande verdivurdering, samt komme med gode tips og råd om bustaden din.

Marknaden i Bjørnafjorden er for tida god, men det er færre bustader for sal i forhold til tidlegare år. Saman med låg rente og aukande etterspørsel, gjer det at denne tida vert gunstig for den som skal selje.

-         Det er no du får best pris, smiler Daniel. Renta kan snu i løpet av året, og dette vil påverke bustadmarknaden og.

Tek du kontakt med Eigedomsmeglar Vest i dag, får du gode råd om kjøp, sal og alt du elles måtte lure på omkring eigedom i Bjørnafjorden.

Vår ambisjon er å vere Vestlandets beste eigedomsmeklar. Vi skal byggje vår suksess og vidare vekst på det viktigaste av alt – nøgde kundar.

Vår ambisjon er å vere Vestlandets beste eigedomsmeklar. Vi skal byggje vår suksess og vidare vekst på det viktigaste av alt – nøgde kundar.

Velkommen til oss i Torggata 14
Opningstider: måndag-fredag 09:00-16:00

Følg oss på Instagram @eiendomsmeglervestos og Facebook @EiendomsmeglerVestOs

Følg oss på Instagram @eiendomsmeglervestos og Facebook @EiendomsmeglerVestOs