Det enkle valet.

Ønsker
du å
oppgradere
heimen din,
får du alt
du treng
hjå oss.

Vi har dyktige interiør og fargeekspertar

Etter ti år med kvite veggar, såg Bjørn Halhjem seg klar for ei fornying i heimen. Han tok turen innom Fargerike Os, og angrar ikkje på det i dag.

Når han no kjem heim føler han på ei ny og god kjensle. Ei anna ro. Dette takkar han Fargerike Os
sine interiørkonsulentar,
Hege Anita Lie og Gunn Therese Aase, for. 
Med lidenskap, interesse og kurs i fargar og trendar, hald interiørkonsulentane på ein kunnskap få har. Og dei delar meir enn gjerne med kundane sine. Noko Bjørn nytta godt av då soverommet, stua, kjøkkenet og gangen trengte ei oppgradering. 

– Når du ikkje heilt veit kva du sjølv vil ha, var det grådig greitt å kunne legga all si lit til ekspertane, fortel Bjørn.
For interiørkonsulent og fargeekspert Gunn Therese, var det som å arbeida med eit kvitt lerret. 

– Då vi kom på heimebesøk fekk vi ein betre kjennskap til kva stil som var, og kva stil som kunne skapast med det Bjørn allereie hadde. Målet vart å gjere romma lunare og meir samstemte med møblementet som var. Noko vi saman absolutt har oppnådd.
På den korte tida har dei to blitt godt kjent, og dei har fått ein god tone seg i mellom. No står det berre att nokre små detaljar som om det skal vera gardiner på
soverommet eller ikkje.

– Men den diskusjonen er ikkje heilt spikra enno, påpeiker Bjørn som send Gunn Therese eit lurt smil. 

Ei av fleire tenester 

I butikken har dei ni tilsette som alle kan sitt. Enten du skal ha råd om golv, teppe, tapet, maling, fargeval, eller solskjerming møter du kompetente og engasjerte fagfolk som gledeleg deler kunnskapen sin vidare.

– Vi har eit mål om å levera alt kunden treng for å skapa den heimen dei ynskjer, fortel dagleg leiar Paal Moberg. 
Og med heile 70 års fagkunnskap i ryggen, og ei kjede som har full fokus på kompetanseheving hos dei tilsette, er Paal stolt over gjengen sin på Fargerike Os.

– Det er viktig for oss at kunden opplever handelen hos oss som enkel og profesjonell. 
Det er noko Bjørn kan skriva under på. 
Alt ligg til rette for deg som kunde Ii butikkens flotte lokale i Hamnevegen. Dei tilsette møter deg i døra med eit smil og eit ynskje om å hjelpa deg etter beste evne.
Med eit stort utval som visast fram i ulike sonar, er det godt butikken har heile 650 kvadratmeter å boltre seg på.
Her finn du alt i frå solskjerming, tapet, gardiner, fargeinspirasjon, maling, alt av utstyr du skulle ha
behov for og litt til. 

Sjølv om butikken er stor, er det ein heilt eiga ro i det du går inn. Alt har si tydelege sone som gir kundane god oversikt over produkta, og innreiinga gir inspirasjon
til nye prosjekt.

Utviklinga stoppar ikkje opp

Ein skulle tru at når ei bedrift har vart så lenge som Fargerike Os, at dei kan alt. Men etter at Covid 19 var eit faktum, og folk ikkje fekk reisa, opplevde Moberg og gjengen ein aukande trend. ALLE skulle pusse opp.

– Vi merka og at tenestemarkedet utvikla seg enormt, og vi fekk utvikla oss endå meir.

– Samtidig som vi arbeidde med å bevare den gode fagkunnskapen, måtte vi snu oss litt rundt og tenka nytt i den tida. Noko som berre var positivt,
påpeiker Børge Solberg.

Sjå våre "gjer det sjølv"-videoar:

Gode kollegaer

Børge og Paal har vore kollegaer sidan 2014, og
latteren sit lett når dei mimrar tilbake. No ser dei framover og gler seg til storfeiring av butikken, og ein god fest med kollegaene.

Mange gode tilbod

31.10.22 T.O.M 05.11.22

– Butikken skal bugna av gode tilbod heile veka, og er du heldig har vi kake til alle som kjem innom, seie Børge, som sjølv skal stå for kakebakinga.

Velkomen innom for
ein triveleg interiørprat
- Vi kan hjelpa deg med
oppussing og vedlikehald
både innvendig og utvendig!

Ta gjerne kontakt med oss!

ADRESSE:
Fargerike Os, Hamnevegen 54

TELEFON
56 30 03 80

E-POST:
os@fargerike.no

OPNINGSTIDER:
Måndag - onsdag 9-17
Torsdag - fredag 9-18
Laurdag 9-15