Årsmøte
Os & Fusaposten AS


21. juni 2021
Kl.18.00 i Nore Neset aktivitetshus

Ønskjer du å få tilsendt sakspapira på epost så henvend deg til post@osogfusa.no. Papira kan også hentast i redaksjonslokala, Øyro 31, man-fre kl.9-15.00.

Årsmøte i Os og Fusaposten

Tid: 21. juni 2021 kl. 18
Stad: Nore Neset aktivitetshus (Skeismyra 8, 5217 Hagavik) og digitalt via video på Teams

Fysisk frammøte i Nore Neset aktivitetshus:
Førehandspåmelding innan fredag 18. juni
Registrering av frammøtte aksjeigarar og fullmakter frå kl 17
Maksimalt antall deltakarar i salen er 80, og dei frammøtte skal halda avstand og nytta faste, tilviste sitjeplassar.
Fullmakter skal vera skriftlege og må vera signert og datert. Ein elektronisk kopi kan nyttast. Av omsyn til smittervern vert det inga servering.

Via video:
Grunna koronapandemien, vil det bli tilrettelagt for at aksjonærar kan delta digitalt. Aksjeeigarar som skal delta på video kan nytte følgjande lenke for å delta:

https://bit.ly/3iKP6OT

Ønskjer du å få oversendt lenken til møtet på e-post, ta kontakt på post@osogfusa.no

Det digitale møtet startar 17:30. Deltakarar må skrive inn eit identifiserande namn ved start av møtet, og etter del er slupne inn identifisere seg. Dersom fullmektige skal delta på video, må signerte fullmakter sendast elektronisk innan 18. juni.
Deltakarar på video kan be om ordet ved å gje teikn ~i Teams, eller seie frå i chaten. Der det er naudsynt med skriftleg avrøysting vil det bli nytta nytte ei avstemmingsteneste (Forms) for deltakarar på video. Lenker til spørsmål vil bli delt i Teams for kvar avrøysting. Avrøystinga til den einskilde blir ikkje gjort synlege for andre i Teams eller på storskjermen, men samla og gjort tilgjengeleg for teljekorpset. Del digitale filene med avrøystingane vil bli teken vare på.

Dagsorden

Før sjølve generalforsamlinga vil daglig lelar Reidar Hystad og redaktør Jostein Halland i det som er selskapet si utvida årsmelding til aksjonærar, orientere om året som har gått og gje ei oppdatering så langt i 2021.

1. Opning av generalforsamlinga 
ved styrelelar Kristian Bruarøy

Fortegnelse over aksjeeigarar på møtet (fysisk og digitalt) vert lagt fram, saman med kva fullmakter som er representerte.

2. Val av møteleiar, ein person til å underteikne protokollen og referent

Forslag frå styret:
Møtelelar: Kristian Bruarøy
Person til å underteikne protokollen: ein frå forsamlinga blir vald
Referent: Jostein Halland
Tellekorps (fysisk): styremedlem Benjamin Søgnen Olsen + ein frå forsamlinga

3. Godkjenning av innkalling og dagsorden
Forslag frå styret: Innkalling og dagsorden blir godkjent

4. Godkjenning av årsrekneskap, årsmelding, utbyte og revisjonshonorar

4.1. Godkjenning av årsrekneskap
Forslag frå styret: Årsrekneskapen blir godkjend

4.2 Godkjenning av årsmelding som skal sendast Brønnøysund Forslag frå styret: Årsmelding blir godkjent.

4.3 Godkjenning av utbyte
Forslag frå styret: Det blir utbetalt kr 256,49 per aksje

4.4 Godkjenning av revisjonshonorar Forslag frå styret: Etter rekning

5. Val av styremedlemmer og styreleiar
5.1 Valnemnda sin kandidat til styret: Egil Haugland (attval)
5.2 Valnemnda sin kandidat til styreleiar: Kristian Bruarøy (attval)
5.3: Valnemnda sin kandidat som 1.vara: Torbjørn Sandmo (attval)
5.4: Valnemnda sin kandidat som 2.vara: Heidi Baldersheim (attval)
5.5: Valnemnda sin kandidat som 3.vara: Daniel Skotheim (attval)

Reidar Hystad og Vidar Øie Nilsen står ikkje på val

6. Godtgjersle til styret 
Valnemda si innstilling:

Styrehonorar: kr 1700 per møte
Ekstra godtgjersle til styreleiar: 18 000 kr per år

7. Val av valnemnd

7.1. Valnemnda sin kandidat til valnemnd:
Kjell Harald Lunde (1.vara i 2020)

Valnemnda sin kandidat til i vara i valnemnd:
Jan Birger Landøy (Ny)
Jens Hystad går ut.

8. Innkomne saker

8.1 Forslag til endringar i vedtektene, sist revidert 6. mai 2015.
I høve til Aksjelova §15-8 er det følgjande fleirtalregel som gjeld ved vedtektsendringar: «Beslutningen krever tilslutning fra minst to tredeler så vel av de avgitte stemmer som av den aksjekapital som er representert på generalforsamlingen.»

8.1.1 Vedtektsendring §4

Eksisterande ordlyd i vedtektene:
«Forretningskontoret skal vera i Os kommune, Hordaland. »

Styrets forslag til ny ordlyd:
«Forretningskontoret skal vera i Bjørnafjorden kommune, Vestland.»

Forlag til vedtak:
Vedtektenes §4 vert endra til: «Forretningskontoret skal vera i Bjørnafjorden kommune, Vestland. »

8.1.2 Vedtektsendring §5

Bakgrunn:
Det er svært mange som har ein aksje i Os og Fusaposten (52 prosent). Dette kan mellom anna gjera det vanskelig å fordele arv/gåver når det er fleire arvingar. Samstundes er prisen for ein aksje i Os og Fusaposten blitt høg (i absolutt tal). Ved å splitte aksjen i ti kan dette gjerast enklare, og kvar aksje vil ha ein lågare pris. Dette kan gjere det enklare å få fleire aksjon æra r.
Styret rår til at aksjen splittas på 10. Det vil seia at den som har 1 aksje i dag vil ha 10 aksjar etter splitten.

Eksisterande ordlyd i vedtektene § 5
Kapitalen i aksjeselskapet er på kr 308.000,-, fordelt på 616 aksjar à kr 500,-fullt innbetalt og lydande på namn.

Forslag til ny ordlyd i vedtektene § 5
Kapitalen i aksjeselskapet er på kr 308.000,-, fordelt på 6160 aksjar à kr 50,-fullt innbetalt og lydande på namn.

Forlag til vedtak:
Vedtektenes §5 vert endra til: ‘Kapitalen i aksjeselskapet er på kr 308.000,-, fordelt på 6160 aksjar à kr 50,- fullt innbetalt og lydande på namn.”

8.2 Innsendt spørsmål frå Christian Stabell gjeldande protokollar og frammøtelister frå tidlegare generalforsamlingar. Sjå eige vedlegg.

8.3 Innsendt spørsmål frå Christian Stabell, med fleire, gjeldande avviklinga av generalforsamling i 2020. Sjå eige vedlegg.